«Høyanger frå urd og stein..»

Teksten som fylgjer under er skrive av Nils Nilsson Høvik (f. 1890) som var anleggsgartnar i Høyanger frå omlag 1917. Her fortel han om bygginga av Høyanger, med fokus på hagar og parkanlegg, og her er fleire artige anekdotar om både adm.dir Kloumann og direktør Hygen:
 
Høyanger frå urd og stein, fram til småhagane i dag
 
Av Nils Nilsson Høvik, f. 1890. Anleggsgartnar i Høyanger frå ca 1917.
 
Det er vel ikkje for mykje sagt, at Høyanger på mange måtar har vore eit godt føredøme for mange andre, som industristad. Mange av oss vil minnast dei gamle industri-stroka på ymse plassar, med store skitne leigekaserner med fleire høgder og tettpakka med huslyder, eller fullpakka hyblar med arbeidsfolk. Og gatene var sørputte, svarte og skitne og dei var utan grorliv, nær sagt. Du kunne kanskje finne ein og annan tusten av høymol, groblad, tungras eller tunrapp kring husa.

Og dei som måtte bu der, dei var der ikkje svært lenge fyrr dei kjende seg ille ved og tykte at dei vart trakka på tærne. Det var ikkje det minste rart at mange av dei kunne få ei skeiv innstilling til samfunnet.
Det var ymse å stri med i Høyanger og dei fyrste åra, og det er sikkert mangt som er skrivt endå. Her som andre stader vart det bygt mange barakker, som kanskje berre var meint som ei naudhjelp dei fyrste åra, men tida drog ut fyrr folka fekk flytta derifrå. Men det vart og på same tid sett i gang bygging av varige hus. Nede ved strandlina vart det sett opp nokre murhus, og ute på Flætane ved Øyre-elva, eller som det seinare vart kalla ”Villabyen”, der vart det sett opp fleire trehus. Sume av desse vart fyrst bruka til kontor og messer. Og bygging av bustader har halde fram seinare og vil halda fram.
Noko med dei beste sosiale tiltak som vart gjort her, var då bygginga tok til med eigne bustader, eller ”Egne Hjem” som det vart kalla.
Men det er ikkje rett å dylja at det møtte sterk motbør ifrå mange. Det vart halde fram at selskapet var urimeleg når dei tok atterhald om bustadene, slik at det var berre deira arbeidarar som fekk bu der, og at selskapet hadde fyrsteretten til å kjøpa huset att om eigaren ville selje eller slutta o.s.fr. Dei som ville gå inn for ein slik bustad skulle så vidt eg minnest, grava ut grunnen og støypa grunnmuren sjølv, men elles ordna selskapet med vatn inn til huset og kloakk ifrå det att. Det ferdige huset kosta kring 10-12 000 kroner. Eigaren fekk kr. 5000 som ikkje skulle betalast attende. Resten av kapitalen som trongst fekk dei låna hjå Naco, og det skulle betalast attende med renter og avdrag, som trekk i løna gjennom 15 år. Husa hadde rom for to huslyder. Eigaren budde då som oftast i fyrste høgde og leigde så ut den andre.
Selskapet ordna og med anlegg av hagen, jord, grus, planter og planting, gjødsel, plænfrø m.m. og har drive med skjering av frukttre og bærbusker, sprøyting og ymse anna i årevis. Likeeins med oppsetjing av gjerde. Etter desse femtan åra var eigaren skuldfri på husa og hadde arbeidt seg opp ein liten kapital og budde sidan fritt. Ville så nokon av etterkomarane halde fram med arbeid hjå Naco, så hadde dei same bustaden og same retten.
Her i Høyanger er så trongt om plass og lite byggetomter, så det hadde vore uråd for Naco å selja tomtene ifrå seg, eller leiga dei bort utan atterhald, forutan kunne den dagen lett koma at dei ikkje hadde hus til arbeidarane sine.
Dei møtte og litt motvilje då dei fyrste allé-trea vart planta i Strandgata. Det vart ropt til oss som planta: ”Å gjev at dei måtte daua alle i hop!”. Og verkeleg, det gjekk troll i ord. Det var nokre kjælne pyramidepoplar ifrå Holland som alle vart sjuke og gjekk ut på 2-3 år. Seinare vart det planta lind, og det gjekk godt.
Då arbeidet tok til med planering til hagane og utgraving av tomtene på Eigne Heimane vart det som ein våraus i lufta. Du kunne høyra ein underleg låt av sleggja og spett og taktfaste slag av sterke armar med nevar, som krumheldt kring skafta på feislane sine, og du kunne høyra undertonen av kvasse og stålharde mineborar, som vreid seg rundt i ein rytmisk dans etter same takten, og åt seg djupare og djupare hol ned i store steinar av gamalt grunnfjell og gnellhard gneis!
Og attimillom small det av tunge mineskot som minna om toreskrell! Og dette breidde seg som ei sott! Sume av dei som fyrst var med og forbanna dette tiltaket, dei skifte hug og vart no med og velsigna det.
Det vart ikkje nok av tomter i Eigne Heim kvartala, difor vart det mange som kjøpte tomter hjå bøndene i Sæbø og på Hjetland, medan eit og anna hus vart bygt ved vegen oppetter Hålandslia og. Alt dette arbeidet som har vore gjort av dei private, med hus og hagar, på Sæbø sida, Tråa, Høgereina og Hålandslia, er ikkje mindre ærefult! Kommunen har hjelpt til med trygd for lån, gater, vatn og kloakk. Mange av desse private husa er større og meir verdfulle enn dei fyrste Eigne Heimhusa som vart bygde.
Slik som eg fyrr har nemnt har grunnmur etter grunnmur vorte ferdige og hus etter hus har vorte oppbygt. No er husa og hagane vorte mange, med endå fleire heimar, med gjestfrie og gilde menneskje.
På Nedre-Dale har det vorte bygt ein liten bydel, og når ein ser på Sandvika og Kvernhaugen og alle hus og hagar midt i byen, så må ein segja at det har vore framgang.
Eg sa fyrst at Høyanger har vore eit godt fyredøme for mange andre som industristad. Då meinte eg alt det som har vorte gjort for å få bustader og heimane unelege. Ein heim utan hage er ikkje som han skal vera. Utan hage er han berre halvferdig.
Her i Høyanger vart det ikkje lett å få til hagar, serleg på dei plassane som NACo hadde kjøpt. Det låg tett i tett med kjempesteinar og ofte berre urd millom desse og meir enn sparsamt med jord. Steinane måtte sprengjast og urda jamnast, og så måtte det kjøpast og førast inn båtlast etter båtlast med jord og fyllast på.
Og, kven andre industriherrar ville gjera dette utan desse som hadde ei djup sosial innstilling.
Og ikkje berre det, men det måtte og vera folk med venleiksans, som hadde auga for, og som dyrka venleiken!
Det heile vart eit langt lerreft å bleikja. Det måtte tolmod til og folk måtte oppsedast. Sumar etter sumar og dag etter dag vart det sett nokon til å plukka papirbetar, tome øskjer, banan og appelsinskal og mangt anna rart opp frå gata og opp i avfallskorgene som stod nokså tett og var utsette til dette bruk – men vart oversedde.
For den som arbeidar på kontor eller i fabrikk må det vera særs verdfullt å ha sitt eige hus og hage. Alle menneskje burde ha rett og råd til det. På den måten kann dei koma i kontakt med livet og natura og få del i den rike gleda som hagen kann gjeva. Ein hage treng ikkje plent vera så stor og dyr fyrr du fær glede av han. Er han så stor at du ikkje greider vedlikehaldet, då minkar gjerne gleda og vert til sut og kvide istaden.
Men nokre blomar og bærbusker, frukttre og litt grønsaker m.m. skulle alle ha gleda og nytte av.
Her i Høyanger er så mykje regn og kjølig luft at me kann ikkje velja kravsame sortar. Me har natura imot oss, og det er fåfengt å trassa her. Men me lyt gjera vårt beste med utval av sortar som krev lite, sjølv om kvaliteten vert mindre god. Bærbuskene kann nok gjeva oss kvalitetsvara, det same kan mykje av grønsakene og. Men frukttrea er det ofte verre med. Men dei kann då gjeva oss mykje gleda, særleg i blømingstida, og stundom om hausten og.
Det var ikkje så greidt å få hagevokstrane til å veksa her dei fyrste åra. Det vart teke vare på mykje jord i tomtene til omnshuset og elektrodefabrikken, og det vart jordkøyring med mange hestar i vikevis. Men der var mykje daujord som var vanskeleg å få i kultur med same. Det vart køyrt jord til alle plænar og mest alle hagar. På grasplænane vart det ofte store gulbrune flekkar, og det vart ofte så gale at graset held på å døy ut.
I kvartalet nedanfor sjukehuset var det fyr rein trong kanal eller ei lang smal vik med fine bardar imillom. Det er fortalt at dei gamle som budde her, Høyangsbjørn og slike karar, drog skipa sine inn i denne kanalen, for der låg dei så trygt og godt. Det har og vore fortalt at grava til Høyangsbjørn skulle vera noko ovanfor denne kanalen. Denne kanalen er attfyllt og syner ikkje meir att no.
Under planeringsarbeidet kom me bort i ein avfallsdunge med ekte latringjødsel etter folk som hadde bustaden sin i ei lita barakka borte på elvebarden i anleggstida. Barakka var reva vekk fyrr dei andre husa vart bygde. No kom den gjødsla til nytte.
Nede i hagane ved strandlina hadde me ofte prøvt med litt dyrking av grønsaker, men det var slik daujord at det vart alltid mislukka. Vel var her nokre hestar på anlegget, men hestegjødsla var så oppblanda med spon og sagflis at det synte svært lite vokster etter henne.
Ein lækjar som var her då tykte at det var leitt at han ikkje kunne få til grønsaker som blomkål, salat, reddik og persille. Det vart prøva gong på gong, men kvar gong var det mest like ille.
Då eg hadde funne denne gullgruva som eg nemnde, sa eg til lækjaren, at no skulle eg lova han fine grønsaker, men han let meg skyna at han hadde ikkje noko tru på denne lovnaden.
Tidleg ein morgon, lenge fyrr lækjaren var oppe, køyrde eg noko av denne vara inn i hagen hans, spadde det ned og sådde salat, reddik, kruspersille og ymse anna. Men du så fin vara der vart. Og huslyden frygda seg over dei gode grønsakene.
Ein gong seinare ville han vita grunnen til at dei vart så fine og gode, og kvifor eg så avgjort kunne segja dette fyreåt.
Eg visste at han var svært redd all naturgjødsel, men likevel måtte eg ut med løyndomen. ”Å du din skurk!”, sa han, og drog på smilebandet.

Det var ikkje nokon fart i hagearbeidet dei fyrste åra etter at fabrikken vart bygd. Selskapet var ofte i pengevanskar fyrr det kom med i alluminiumstrusten. Då var det heller ikkje så greitt å gjera noko med hagar og slikt som mange såg som luksus. Opptaket var ikkje gjort, og det var heller ikkje kome noko større i sving.
Vel var det planta til nokre hagar til husa nede ved strandlina, og sett opp eit gjerde frå kaien og langs strandgata og bort til Sæbø-brua. Men desse hagane var ikkje luksushagar, men enkle og kravlause.
Tomtene ovanfor Strandgata og opp til Sjukehuset og hit til Storgata, vart utgravne, jamna og utbygde. Her vart det lagt plænar og laga park. Hagane her skulle verta alle si eiga eller ”ingenmanns land”.
Vegar og grasplænar vart tillaga straks etter at husa var oppbygde, og eg fekk arbeidet med dette, og å halde det i stand. Men det vart ikkje planta noko med det fyrste.
I gardsromet utanfor kontorbygnaden vart det planta nokre blomar, med slyngplantar opp til veggen, laga ein liten grasplæn og lagde nokre store trokk-heller og sått gras imillom desse.

Når me venta generaldirektøren, ingeniør Kloumann på vitjing, vart det liv i leiren! Det stod respekt av han, mange kvidde seg kanskje for vitjinga hans, og alle stod på pinne for han.
Gatone måtte feiast, plænane kloppast, og me sprang rundt og plukka papirbetar, appelsin og bananskal og utbrende fyrstikker, og alt som kunne tenkjast å krenkje idyllen.
I og kring fabrikken var det like annsamt. Men kom han ein dag det var regn, så vart det små tjørnar og søylepyttar både kring husa og i gatone, og då kunne han verta så arg at han trampa i søylone så sørpa skvatt. Me lærde å kjenna han som ein streng herre, og for alle var hans ynskje eller ordrar lov, som måtte lydast.

Men så var det ein gong at han vart her litt lenger enn vanlegt, og tok seg små turar åleine kring anlegget. Ein slik dag arbeidde eg i gardsplassen utanfor lønningskontoret, då han kom.
Eg hadde slege graset på plænen og millom hellone, raka og kosta graset i dungar, og eg tykte at det såg bra ut. Eg la ut ein gummislange og heldt på å vatna slyngplantane ved solveggen. Då kom han! Eg veit ikkje kva han såg seg arg på, men han stogga, og augo hans borde seg radt igjennom meg, tykte eg, og så sa han med arg røyst: ”Men hva i alverden er det De tenker på da menneske, skal De ikke ta vekk græsset før dere vanner?”.
Eg svara ikkje på dette spursmålet, men sa: ”Eg har no aldri fyrr snakka med herr generaldirektør Kloumann fyrr, De tykkjer kanskje at det er stygt her i Høyanger?”. Og svaret kom spontant eller som ein smell: ”Ja, det skal Gud vite at her er stygt!”.
Men litt etter at han hadde sagt dette roa han seg, og snart gjekk det eit ljost smil over andlitet hans, og han var ikkje lenger den strenge herren. Eg var komen på bylgjelende med han, og sidan vart eg der.
Det fyrste han no sa var eit lite spursmål: ”Kan De tegne?”. Og seinare i samtalen sa han at han ville koma attende om to veker, og då måtte eg ha ferdig eit framlegg til parkanlegg!
Eg fortalde dette til ingeniøren som eg då arbeidde under, Odd Meinick Olsen, som var sparemann til fingerspissane, og brydde seg svært lite om prydhagar i det heile, etter det han sjølvs så ofte sa. Og tek eg ikkje imiss så hadde han ikkje noko større til overs for den nye planen om parkanlegg heller. Han sa til meg at eg måtte berre gjere det så dyrt som eg kunne, med rose og blomebed alle stader!.
Eg gjorde mitt beste med framlegget og hadde det ferdig etter avtale. Kring to viker etter kom direktør Kloumann att, og då hadde han med seg anleggsgartnar Ingolf Eide frå Bergen.
Meinick Olsen og Ingolf Eide kom då og ville sjå på framlegget mitt, og Eide gav det både ris og ros. Det vart kontraktar millom Eide og Navo, og det varde ikkje lenge fyrr han kom hertil med kring 15 mann og arbeidet tok til i ”Egne Hjem” hagane fyrst, og seinare i parkanlegget.
For meg vart det ei tid som eg ikkje ville vera forutan. Eide var ein flink anleggsgartnar og ein stor hagekunstnar. (Han var bror til forfattaren Bjarne Eide, Skodespelaren Egil Eide og songarinna Kaia Eide Norena). Det var ein hyggeleg kar som var lett å koma i kontakt med, og han lærde gjerne ifrå seg av kunnskapen sin. Han hadde og svært dugande folk med seg. Særleg kan eg nemna formannen for arbeidsstokken hans, Askeland. Askeland gav meg ei god opplæring som eg seinare har vore glad for.
Det vart planta allé-tre, frukttre, bærbusker, prydbusker og stauder i hundra eller tusenvis, og eg lærde å kjenna det meste av desse sortane på namn.
Den fyrste vesle prøven som vart gjord med planting i ”offentleg anlegg” om eg kann kalla det slik, var i den vesle halvmåne-forma plænen nedanfor posthuset, der som no minnesteinen for dei fallne stend. Eg minnest så godt korleis det såg ut: Tri ovale bed i plænen der det vart planta nokre høgstamma fuksia med raue og kvite blomar, og rundt det ein kant med himmelblå lobelia. Beda og plænen vart kantstukne og plænen nyslegen. Å jau, det tok seg bra ut. Og eg må vedkjenna at det gjorde meg godt då herr direktør Hygen gjekk framom, stogga litt og gav denne merknaden til flokken som stod og såg på stasen: ”Høvik har vært svær i dag!”.
Då anleggsgartnar Eide var ferdig med dei hagane han hadde i ”Egne Hjem” og plantinga i parkanlegget, var det me sjølve som måtte overta vedlikehaldet og planleggja og utføra alle dei nye hagane som i lang tid vart tillaga for NACo. Stundom var det direktør Hygen som teikna og lagde planen, og stundom var det eg. Men dei heilt private hagane ordna eigarane sjølve med. Det er mange av desse amatørane, som vel var verd ei påskyning for arbeidet sitt.
Alle hage-eigarar vil gjerne ha eit staudebed i hagen sin. Mange rekna som slik, at har dei fyrst planta fleirårige blomar, så er dei ferdige for ettertida både med planting og arbeidet med dei. Men her tek dei storleg i miss. Staudene veks seg ofte så vide og store, at dei tek seg slett ikkje ut om dei ikkje vert dela og planta om att rett som det er. Dei vert ofte så tette av røter at dei rett og slett kann rotna, dersom dei ikkje vert dela og omplanta tridje eller fjerdekvart år. Dette gjeld for fleire sortar, men særleg for floksen. Dei venaste staudene toler som oftast minst og gjeng lettaste ut. Dersom ein då plantar inn att berre av dei minst fine og mest hardføre, så er det snart ikkje meir stas att med heile bedet. I slike høve må ein ta eit alvorlegt tak for å få det i orden att.
Rosa er hagen si dronning, og er ikkje lett å slå ut. Den eine overgjeng den andre i form, farge, ange og ynde. Ein kjenner seg ofte både takksam og glad for at noko så vent kann veksa og trivast her så langt imot nord!
Frøplantar av klunger, eller den ville rosa som veks hjå oss er framifrå som grunnstamma eller som rot for dei dyrka og forædla rosone, fordi at ho er så frisk, hardfør og god.
Ein har aldri funne ville roser sud for ekvator, men heimstaden deira er på den nordlege halvkula. Men no dyrkar dei roser over alt på jorda, der den kvite folkerasen har teke bustad. Roseætta er rik på artar og variasjonar, og roseforædlarane fær fram mykje nytt og fagert ved kryssing imillom dei ulike artane. Såleis har den danske rose-spesialisten Svend Poulsen fått til mange svært gode polyantha eller klaseroser, m.a. Ellen Poulsen, Else Poulsen og den gule Poulsen Yellow, og mange fleire.
Eg vil nemna ei av buskrosone som me har her. Det er rosa moyesii. Det stend nokre av desse som alle ved ein veg i sjukehushagen. Det er ei frisk og hardfør rosa som gjerne vert 3 m. høg, og aldri frys ned på ein einaste knupp, det har eg set. Ho er funna i Kina ved grensa til Tibet. Der veks ho i 2 – 4000 m høgd over havet. Blomane er enkle, djupraude som okseblod med gull-gule støvknappar eller mjølberarar. Njupone er svært rike på c-vitaminer. Dei er både lange og store, flaskeforma mest som sjampanjeflasker og held seg lenge. Dei er kjøtfulle, fint koralraue og har som vanleg berre ein stein i kvar njupa. Lauvet er friskt og frint, ljost i fargen og kvart blad har elleve finnar. Eg har ikkje set at bladlusa legg seg på dei heller. Busken held seg sjølv i fin form, og ein treng lite og inkje bruka saks eller sag på han.

(anm: etterfylgjande avsnitt vanskeleg å tyde, linjer trykt oppå kvarandre)

Det var ein engelsk plantesamlar, H. Nilson, som først sende frø heim til England av denne rosa. Ho har fått nanmn etter kinamisjonen …. som var til så stor hjelp for Nilson.
Då eg var gartnar for Naco i Høyanger hende det at einskilde turistar eller små reisefylgje kom i land frå båten, eller var på biltur, at dei kom og såg på stasen og undra seg over denne ovfagre rosa. Det hende til og med at eg fekk brev frå sume av dei seinare.

Rosedyrkaren kann med rosone sine, gjeva gleda og venleik, ikkje berre til seg sjølv, men ofte til mange andre og. Til alle deim som kjem inn i hagen hans og til mange som gjeng utanfor. I juni – juli blømer alle rosone både dei gamle og nye sortane, dei som er dyrka og dei som er ville, dei som blømer berre ein gong for året og dei remonterande som held fram med bløminga til seint på etteråret, gjerne til tett under jol.
Og lufta vert fylt av denne herlege roseangen! Ein fær størst gleda av rosone om ein fær tak i hardføre, friske og gode sortar, gjev dei eit godt stell og den beste plassen i hagen. Men i skuggen av store tre og høge hus vert dei alltid mislukka. Til prydbuskone må eg og få lov å gjera nokre merknader. I parkanlegget og i småhagane i Høyanger vart det planta ei mengd med prydbusker. Mange stader vart det planta ulike slag i rekkjer ved gjerde og gator, med eit par m millomrom. Dei vart og brukte i små eller større gruppor i plænane. Der har vore planta mange sortar som er svært fine, men og sortar som helst ikkje burde vera der. Ei av dei som har gjeve mange av ibuarane her mykje gleda er Gullbusken, eller forsytia. Det er ikkje så svært stas med buska i hagen, men greinene er så lette å driva i blom om vetteren berre det har vore litt frost fyrrein tek dei inn. Knuppane sprett ut på 9 – 14 dagar, alt etter som tilhøva er, og dei er ofte lett å få fram til jol. Det er liksom det fylgjer solskin inn i den myrke stova når desse kvistene kjem i blom!
Dersom alperosone fekk stå i fred, så vart det stor stas med dei. Dei sette ofte rikt med blomeknuppar om hausten, men smågutane plukka desse digre knuppane av og brukte dei som kulor i gummi-sprettone sine når dei leika krig.
Saman med alperosone må eg nemna hage-asaliane. Dei er ovfagre når dei blømer. Den fyllte sjasminen, Philadelphus Virginalis og Deutzia magnifika med store fyllte blomar i lange klasar er og millom dei beste blomebuskone som me har her.
Det er mange som ropar over seg når det skal plantast gullregn, fordi at dei er så giftige. Men du for stas det er med dei i blømingstida. Og samspelet millom dei og syrenene er ikkje godt å vera forutan.
Rautjørnen og dei raublømande paradisepla må ein og ha med, antan som allear eller som frittståande tre i mindre anlegg. Dei er svært vene i blømingstida.
Eg kann minnast at Kloumann var så glad i ein liten spiræa med vakre karminraue blomar. Busken blømer frå juni og ut septbr. Den er berre 60 – 80 cm høg, og me brukte han til ein mislukka hekk bak den gamle sjukestova. Mislukka fordi at han vart trakka ned! Og så må ein ikkje gløyma klokkebusken som fyrr bar namnet Weigelia, men som no gjeng for Diervilla.
Eg minnest at Kloumann kom ein gong og skulle ha greia på plantenamn. Han tok notisboka si og skreiv opp namna på dei han likte best. Då me kom til den eine klokkebuska med namnet Eva Rathke med myrkraue vene klokkeblomar som blømer heile sumaren, og hadde skrive opp namnet på den, då sa han ”Jeg har en gartner, han vet ikke engang navnet på bjerk!”. Og då han vitja Høyanger næste gong hadde han med seg eit reisefylgje frå Oslo med fem mann. Alle desse med Kloumann og Hygen i teten, kom og gjekk rundt i parkanlegget. Der var to store rosebed med 50 roser i kvart. Rosone blømde svært rikt, slik som Ellen Poulsen gjerne vil gjera når ho har trivnad. Eg arbeidde der ved det eine bedet. Plukka av utblømde blomar og dei få ugrasa ein kunne finna, og jamna på beda så alt skulle vera i finaste orden.
Med eit steig Kloumann ut or flokken, kom bortover grasplænen, retta meg handa og helsa, og spurde etter korleis det gjekk. Eg var svart på nevane av våt jord, men turka berre det verste av, ned på buksebaken og tok imot handa hans. Eg har ofte tenkt på denne hendinga sidan!
Eg må få lov å fortelja endå noko meir om generaldirektør Kloumann: Det var på femtiårsdagen hans den 1.juli 1929. Venene hans hadde reist ei bysta av han strakst ovanfor kaien, eller nedanfor kontorbygnaden. Bysta var forma av bilæthoggar Dyre Vaa. Kloumann sjølv bar ein ljosraud phyretrum i knappholet på trøya si. Det var samla mykje folk og midt inne i flokken stod han og helgt ein liten tale. Han sa millom anna at det alltid hadde vore hans høgaste ynskje at arbeidarane hans skulle ha det godt, men det er så vanskelegt, sa han. Grunnen til at det var så vanskelegt, meinte han, låg i at bondegutane som hadde kome hertil var oppalne utan å gå etter klokka og så fekk dei arbeida ute i Guds frie natur. Dei var vane med meir fridom enn dei fekk her, og hadde alltid fyrr vore sine eigne herrar på gardane der dei kom ifrå. Her måtte dei inn i fabrikkane, fylgja klokka og finna seg i å verta sette til arbeid på kommando, og til slikt arbeid som dei ikkje treivst med. Dette var truleg grunnen til at så mange av desse ikkje fann seg til rettes her, trudde han. Hen meinte at det vart ikkje bra fyrr etter eit par ættled.
Tru om det ikkje ofte var vandt for dei fyrste. Dei lengta attende til jorda, og sjølv om nokon kom attende, så vantreivst dei der og. Den ættleden som no veks opp er kanskje fri denne lengten til jorda. Eg har ikkje høyrt at nokon av desse unggutane har søkt arbeid som drengjer på gardar når dei vart gamle nok til fabrikkarbeid.
Då krigen braut ut den 9 april 1940 var Kloumann her, og han kom seg ikkje her ifrå dei fyrste dagane. Han hadde med seg ein som var ropt for Kittelsen. Ein dag då eg skulle til med vårarbeidet i administrasjonshagen kom han og ville vera med. Han sa at eg måtte setja han i arbeid, visa han korleis han skulle gjera, og retteleg kommandera han!
Han fekk seg fyrst reiskap, spadde ned gjødsla i rosebeda, stakk kantane og gjorde det retteleg fint. Kittelsen vart med på arbeidet, men det vart mindre om han. Kloumann var svært hyggeleg og prata som ein god kamerat, og hang i med arbeidet heile dagen. Me brende og opp avfallet frå hagen og han sjølv kveikte bålet. Denne røyklukta tykte han var så god, sa han.
Dagen etter kom han ikkje ut fyrr kl. 11, men då baud han seg ikkje til arbeide, men sette seg på trappa og sat der lenge. Eg spurde om han ikkje hadde vondt i ryggen etter ein så hard arbeidsdåd, men han svara at han måtte no tåla såpass. Eg er viss om at han hadde arbeidt for stritt og hadde vondt både i ryggen og andre stader. Eg veit ikkje at eg har hatt nokon med meg som arbeidde meir ihuga enn han.
Ein av dagane vart det slept ei bomba ifrå eit tysk fly, og ho eksploderte rett utanfor kaien, men då trur eg at han vart redd. Han var heller ikkje åleine om det. Han gjekk hardt inn på meg for å få flytta opp til Håland, men huset vårt var fullpakka. Seinare på dag fekk ing. Finne plass for han på Dale, og strakst etter reiste han.
Dette vart kanskje mykje om generaldirektør Kloumann, men han var då grunnleggjaren av denne vesle byen eller fabrikkstaden her.
Eg trur nok at han kunne vera hard og vill, men han var og mjuk og mild! Han var glad i kunst og alt som var vent. Ein gong var han oppe i hagen vår på Håland, og der såg han nokre vakre stykmorblomar av sorten Alpenglyn. Han kom oppatt dagen etter, berre for å sjå dei att. Og seinare var han der mange gongjer.
Straks etter at sjukehuset var bygt skulle me til med hage der og. Direktør Hygen hadde planlagt det, og eg skulle utføra gartnararbeidet.
Innanfor steingjerdet stend det ei rekkja med pyramidepoplar. Sud og vestom huset er der ein breid hellegang med kvitkløver imillom hellene. På vestsida er der ein sitjeplass omringa av småblada lind. Der er eit breitt staudebed utanfor hellone på heile vest og sudsida av huset. Midt nedanfor huset er ein avsats med ei låg tropp imillom terassane. Og ifrå nedste terassen er ei lang og breid tropp ned den høgste bakken, med skråmur eller steinbed på kvar sida. Ifrå denne største troppi svingar det ein grusveg under den brattaste bakken og ned til den nedste inngangsporten.
Litt ovanfor denne porten er det atter ei tropp med breie steinbed på kvar sida. Frå denne troppa gjeng det så ein grusveg over grasplænen og opp til huset att. Langs denne vegen er det planta ein allé av Rosa moyesii, eller den herlege buskrosa frå Kina, som eg fyrr har nemnt.
Plænane har att noko av si naturlege form sume stader, og der ligg att ein og annan stor stein. Frå nedste og bort til brua er det planta ein allé av gullregn og rotekte syrener, men desse syrenene er forlite stas i, då fargane er for blasse og klasane er for små.
Då desse store steinbeda skulle plantast, bad herr Hygen meg om å koma inn på kontoret sitt, han ville telefonera til Sigv. Chr. Berle a/s i Bergen etter steinplantar, og så skulle eg vera konsulenten hans, sa han.
Medan me venta på telefonen lagde han fram digre bilætbøker frå store parkanlegg i England, og eg kosa meg retteleg godt!
Det vart tinga ei mengd av dei finaste og dyraste fjellhage eller steinbedplantane som Berle hadde, og det vart ikkje spart på nokon ting!
Då eg kom heimatt om kvelden ringde Berle opp til meg og spurde om me ikkje skulle ha nokre busker i eit så fint anlegg? Det høyrde til, og det måtte me ha, sa han. Eg svara han at dette var eit pengespursmål, og det måtte han snakka med herr direktør Hygen om. Eg hadde ikkje mandat til å avgjera det. Men han gav seg ikkje. Me måtte ha 10 – 12 busker, sa han. Då vart me samde om at eg skulle snakke med herr Hygen straks etter telefonsamtalen med Berle. Dersom Hygen sa nei, så skulle eg straks ringja på til Berle og segja ifrå, men svara han ja så trong eg ikkje ringja på att, han sende dei då likevel, sa han. Men herr Hygen svara ja han!
Heilagtorsdag kom det to digre korger med plantar ifrå Berle, og tidleg fredagsmorgon fekk eg dei køyrde opp i sjukehushagen og tok til å planta.
Då eg hadde arbeidt med plantinga i eit par timar kom det ein av mine overordna og såg kva eg dreiv med. Han hadde vore i Oslo ein tur og kom att på same båten som steinbedplantane kom med, og hadde lagt merke til dei. Men han var truleg ikkje orientert, trudde kanskje at eg hadde ordna med alt dette på eigahand, for han krov at eg skulle slutta med plantinga med det same, elles skulle han segja frå til herr Hygen. Her var det mest som ved hoffet, ein ordre skulle ikkje hoppa over noko millomled, og til vanleg vart det heller ikkje gjort. Eg svara at eg hadde beinveges ordre frå Hygen til å planta, og kom difor til å halda fram.
Mannen stakk med ein gong, og kring fem minutter etter kom han att og hadde direktør Hygen med seg. Dei stogga ei stund og såg på plantinga. Mannen sa då, at plantane kunne me bruka her og der, og buskene kunne me t.d. bruka i Villabyen.
Etter desse framlegga til mannen såg herr Hygen på meg og sa: ”Vi fortsetter!”. Og så gjekk dei båe to. Her måtte det ha vore ei pinleg mistyding.
Hygen kom att to gonger seinare på dagen, og det såg ut til at han lika seg. Fyrr han gjekk siste gongen sa han i skjemt: ”Vi skal snart konkurrere med Bergens Museum!”.
Og det var sant, det tok seg bra ut. Der var med eit par hageazalia med så fine fargar at eg finn ikkje ord for det, og dei stend der endå. Og kvar vår når dei stend i blom må eg gjera meg ærend og glytta inn millom sprinklone i hageporten og sjå dei. Utan var der mange av dei aller beste fjellhageplantane som er å få.
Seinare fekk eg fat i ein låg plante som veks berre som ei låg torva eller tuva, med blå klokkor. Planten er svært lett å dela, ein kan berre ta planten opp og plukka småplantone ifrå kvarandre. Planten kom ifrå Brynes planteskule, Stavanger. Latinnamnet er: Gentiana sino ornata, den same som professor Nordhagen gav så godt vitnemål på eit årsmøte i Det Norske Hageselskap i Hardanger ein gong. Han sa at denne planten var ”vestlandets skjønneste pryd”. Denne planten blømer ikkje fyrr seint om hausten og kann bløma etter at frosten har meldt seg. Det er blå klokkor som stend rett opp, men dei opnar seg ikkje utan i solskin, eller ein kan plukka dei inn, setja dei i ei skål med vatn inne i eit varmt og ljost rom, då opnar dei seg med ein gong. Men du for ein farge og venleik!
Det vart gjeve vekk i tusenvis av sumarblomar til alle hageeigarar i Høyanger kvar vår i mange år. Til og med dei private hageeigarane fekk blomeplantane fritt hjå NACo. Driftstyraren ville det slik. ”Det er Høyanger som skal bli pent”, sa direktør Hygen den gongen. Og han fekk rett.
Her vart då ei kapping om å stella hagane sine så fint som råd var, og det vart premiering og premieutdeling i mange år i ”Eigne Heim” hagane.
Og dei som hadde kunstnarhåtten, prikken over i’en, som dei segjer, eller det rette laget, kunne fara med fyrstepremiane i årevis.
I dei siste åra held sume ting av hageanlegget på å degenirera, tapar seg, eller vert forgamalt.

Kommenter innlegget

Filed under Skriftlege kjelder

Kommentarfeltet er stengt.