Soga om Høyanger

”Frå kaos til kosmos”

Av Gaute Ljotebø (utdrag frå ”Høyanger i endring – ein industristad si utvikling sett gjennom fotografiet”)

Ein av dei som såg, opplevde og erfarte heile prosessen med omveltinga og utbygginga i Høyanger var skulestyraren Sjur Dale, som vaks opp i bygda på garden Dale.

I Høyanger Samvirkelag si 30 års beretning står det to artiklar som han står bak. ”Høyanger. Høyangsfjorden i gamal og ny tid” og ”Høyangsfjorden vert Høyanger”. Han er kjent for det mykje nytta og siterte metaforen ”frå kaos til kosmos”, der han skildrar den brutale overganen frå bondesamfunn til industrisamfunn.

”Eventyret byrja med kaos. Menneskemylder kvar ein vende seg, frå fjøra til fjell. Skot og skrell, dunder og drøn small mellom berg og brun. Folk kom og folk for. Nye andlet til dagen. Folk her og folk der. Det vart opp ned på alt som dei fekk under hand. Dei skipla snudde, velta og vende kvar dei kom, utan meining og mål, til ei meiningslaus myrja, såg det ut for. Fyll og fanteferd, drykk og dragsmål, skrik og skjenn og slagsmål. Det var ikkje folkevis å fara so her i grenda. Men opp or kaos steig kosmos. Gjennom skodde tok me til å skimte dei første konturar av eventyret.”

Før industrireisinga starta opp i 1916 vart staden kalla for Høyangsfjorden og var ei lita bygd med fem gardar. Øren og Sæbø langs strandlinja, Hjetland litt lenger framme, Håland på eit platå over bygda og Dale om lag tre kilometer framme i dalen. Tidleg på 1900-talet var her 13 gardsbruk og husmannsplassar innklemt mellom fjella inst i fjordarmen. Folketeljinga i 1910 viser at det var 124 innbyggarar på staden. Bygda vart då rekna for ein avkrok i Kyrkjebø kommune, som i 1910 hadde 1681 innbyggjarar. Som elles i Sogn var jordbruket hovudnæringa.

Det var fossekrafta som trekte industrien til bygda. På slutten av 1800 talet byrja ei kommersiell interessere for  fossekrafta å merke seg. Fleire oppkjøp og vidaresal  av fosserettane vart gjort fram mot 1911, da alle rettane til slutt vart samla på ei hand. Forholda låg no til rette for kraftutbygging og industrireising i Høyangsfjorden. Dei første planane gjekk ut på å byggje eit elektrostålverk. Etter handsaming i Storting og departement vart det gjeve endeleg konsesjon i 1915. I konsesjonen vart det mellom anna stilt krav om reguleringsplan på staden, verksemda skulle og skaffe arbeidarane bustad og legetilsyn.

Den 13.11.1915 vart ”A/S Høyangfaldene, Norsk Aluminium Co” stifta. Nødvendig kapital var reist. Som det går fram av namnet var planane no endra. På staden skulle det produserast aluminium. Utbygginga kunne ta til. I følgje Dale starta anleggsarbeidet den 28.02.16. Om lag ein månad seinare den 21.03.16 vart det halde eit møte mellom amtmannen i Nordre Bergenhus amt, leiinga i det nyetablerte selskapet, ordføraren i Kyrkjebø og eit heradstyremedlem frå bygda. På møtet vart det mellom anna diskutert framtidig arealbruk på staden. Det blei for ettertid også semje om å nytte Høyanger som namn på den nye industristaden. Det var no lagt viktige føringar som skulle få konsekvensar for vidare utvikling av tettstaden.

Samfunnet vart etablert rundt ei storbedrift, noko som kjenneteiknar ein einsidig industristad. Høyanger var ikkje den einaste staden som blei industrialisert på denne måten i tida før og rundt 1. verdskrig. På Vestlandet har Odda og Sauda om lag same førhistorie og utvikling. Ein slik måte å industrialisere på blir omtalt som den engelske modellen, der initiativet og kapitalen kom utanfrå lokalsamfunnet. Med urbanisering og klassemotsetningar som vesentlege ingrediensar i samfunnsutviklinga. Desse einsidige industristadane låg som øyar i eit vestlandsk bondesamfunnet.

Før verksemda slo seg til i Høyanger var det som fanst av offentleg infrastruktur ein veg som gjekk frå fjorden på garden Øren via Hjetland til Dale. Sjølv om det her var ei levande jordbruksbygd med den interne infrastrukturen som jordbruket trengde, så kan ein langt på veg hevde at planleggarane, med arkitektane og ingeniørane i spissen starta med blanke ark. Konsesjonen kravde at verksemda måtte stå for mykje av strukturane og utviklinga av det nye lokalsamfunnet.

Industristaden som vaks fram var ei planlagt og styrt utvikling i regi av verksemda. Staden vaks fram etter ei bevisst organisering med ein klar bymessig utforming av sentrum. Eit døme på dette er reguleringsplanen frå 1917. Retningslinjene frå denne vart i stor grad følgt opp ved seinare utbygging og utvikling av tettstaden. Sjølv om verksemda hadde ein plan og strategi for utviklinga av Høyanger, så har metaforen som Dale nyttar ”frå kaos til kosmos” blitt ståande.

Utviklinga til industristaden Høyanger i perioden 1916-1958 kan grovt delast inn i fleire fasar. Den første fasen kan gå under nemninga kaostida og strekker seg frå 1916 til 1923. Åra 1916 og 1917 var prega av eit omfattande anleggsarbeid som snudde opp ned på sentrale delar av  bygda.  I denne perioden var det på det på det meste, sommaren 1917, 1350 arbeidarar i sving på dei ulike anlegga. Bygda vart demontert fysisk og sosialt, i alt kaoset som anleggsarbeidet medførd kunne ein etterkvart sjå konjunkturane av ein industristad i emning.

Hausten 1917 stod fabrikken klar til bruk, men no dukka eit problem opp som skulle vedvare eit par år. Dei fekk ikkje tak i aluminiumsoksyd, hovudråstoffet i aluminiumsproduksjonen. Fabrikklokala stod ikkje tomme, dei vart nytta til produksjon av karbid og rujarn. Ein del av produksjonen i elektrodefabrikken kom i gang med leveransar til andre aluminiumsfabrikkar. I 1918 fekk verksemda tak i eit mindre parti oksyd slik at dei fekk til ein prøveproduksjon av aluminium. Sommaren 1919 vart det sett i verk ein streik som varte til oktober same året. Endeleg i november og desember 1919 kom produksjonen av aluminium for alvor i gang. Men nye problem dukka opp i starten på 1920-talet. Den internasjonale lågkonjunkturen slo inn og fekk konsekvensar for den nyetablerte verksemda. Eit kjenneteikn for siste delen av denne perioden var stor grad av uvisse, og det var truleg også tvil om det i det heile ville bli noko industriell framtid. I denne perioden var det mange som reiste, men etterkvart som produksjonen kom i gang kom nye til. Ved folketeljinga i 1920 var det registrert 953 innbyggjarar på staden.

Det vart klart at ny kapital måtte inn for å berge verksemda. I januar 1923 blei selskapet refinansiert med utanlandsk kapital. Reorganiseringa vart godkjent av styresmaktene som gav konsesjon. Det gamle selskapet vart delt i to, der produksjonsdelen fekk namnet A/S Norsk Aluminium Company (NACo), kraftdelen bar namnet A/S Høyangfaldene.

Ny kapital gav ein ny giv i vidare utbygging av industristaden, no kunne reguleringsplanen for alvor settast i verk. Samtidig med ein viss betring i marknaden starta ein ny fase, draumen om ein harmonisk industristad kunne ta form, ein gjekk mot eit kosmos. Fabrikken og tettstaden vart gradvis vidare utbygd, Høyanger fekk eit bypreg. Kosmosfasen kan ein kalle denne andre fasen som i grove trekk strekker seg frå 1924 til 1940.

Store delar av mellomkrigstida er i norsk og internasjonal samanheng ofte rekna som ei konflikt og krisetid, med svingande konjunkturar som resulterte i arbeidsløyse, politisk- og sosial uro. Dette fekk også ringverknader for Høyangersamfunnet. Ord som klassekamp og klasseskilje kan nyttast for å omtale forholda i lokalsamfunnet. Folketalsutviklinga på staden var på det sterkaste i åra 1920 til 1930 då talet på innbyggjarar auka med 1265 personar til 2218 registrert ved folketeljinga i 1930. Det vart ikkje gjort nokon folketeljing i 1940, men tala for 1946 viser at talet på innbyggjarar på staden no var 2690. På trass av den raske befolkningsauka og sosial og politisk uro, var åra 1924-1940 rekna for relativt stabile i Høyanger. Industristaden vart av mange nasjonalt rekna som tidas idealsamfunn. Siste halvdel av 1930-talet kan på mange måtar karakteriserast som høgdepunktet for Høyanger sett i ein historisk samanheng.

Perioden 1940-1955 kan sjåast på som ein stabilseringsfase, Høyanger var trygt etablert som industristad i norsk samanheng. Den første tida med krigen 1940-1945 var på mange måtar både dramatiske og hendingsrike. Men krigsåra var ikkje det store brotet med tida før som krigshistoria ofte vil ha det til. Dagleglivet gjekk sin gang i Høyanger, gjerne i litt andre former. Det vart ikkje sett i verk nye større utbyggingar på fabrikken1940-talet. Når det gjeld industrireising tok Årdal, innerst i Sognefjorden, over rolla som den største og viktigaste industristaden i Sogn. Folketalsveksten hadde jamna seg ut, folketalet i 1950 var på 2853 innbyggarar. Etter krigen fortsette Høyanger Verk med bustadbygging for sine tilsette, men deira dominerande rolle som utviklar av tettstaden var svekka. No tok kommunen og private meir over initiativet med bygging og utviklinga av tettstaden.

På midten av 1950-talet skjedde det ei revitalisering av industriutviklinga. Ny kraftutbygging og bygging av ny aluminiumsfabrikk kom i gang. Med denne kom det også nye tider innafor drifta på fabrikken. Ein ny fase med modernisering av aluminiumsindustrien på staden var i emning.

Kommenter innlegget

Filed under Historie

Kommentarfeltet er stengt.