Høyanger vgs 80 år 1933-2013

Lærarar og elevar 1948: 1. klasse mekanikarar og elektrikarar og 2. klasse snikkarar saman med lærarane hausten 1948. Lærarane sit framme, sett frå venstre Helmer Korssjøen, Johan Eide og Nils Haaheim.

Lærarar og elevar 1948:
1. klasse mekanikarar og elektrikarar og 2. klasse snikkarar saman med lærarane hausten 1948. Lærarane sit framme, sett frå venstre Helmer Korssjøen, Johan Eide og Nils Haaheim.

Oppstarten

Snikkarline 1948

Snikkarline 1948

På byrjinga av 1930-talet var det stor arbeidsløyse i Sogn og Fjordane, berre i Høyanger gjekk rundt 200 ledige. Mange av desse var ungdom i slutten av tenåra. I 1932 kom dei med krav til kommunen om tiltak for å betre tilhøva for dei unge arbeidsledige. For å bøte på problema sette den gang Kyrkjebø kommune ned ei nemnd som skulle sjå om det gjekk an å få i gang eit permanent yrkesretta skuletilbod. Dei som sat i denne nemnda var skulestyreformann i Kyrkjebø kommune, handelsmannen Nils Vattekar, ingeniør ved NACo (aluminiumsfabrikken) Johan Wleügel, bygningsmann/arkitekt Lars Norevik og mekanikar Anders S. Berge. Wleügel var leiar. I oktober 1933 kom Kyrkjebø 2-årige fagskole i gang i kjellaren til den gang nybygde Høyanger Folkeskule.

I 1936 kom det i gang ei mekanikarline ved skulen, denne hadde sit grunnlag i kurs i metallsløyd som kom i gang i Vadheim i 1934. I 1937 skifte skulen namn til Høyanger Yrkesskule for handverk og industri. I 1946 kom det i gang ei elektroline. Skulen var desse første åra driven i regi av Kyrkjebø kommune.

Kampen for den 4. yrkesskulen

Mekanikarline 1948.

Mekanikarline 1948.

På midten av 1940-talet byrja ein prosess som etter kvart utvikla seg til å bli ein kamp om å få behalde yrkesskulen i Høyanger. Frå sentralt hald var det utarbeidd planar om å ruste opp yrkesskulen på landsplan. Det var fylkeskommunen som fekk denne oppgåva. Etter fleire års strid gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1951 eit endeleg vedtak om å ha tre fylkesyrkesskular. Ein i kvart fogderi; Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. For Sogn sin del fall valet på Sogndal, noko som skapte harme i Høyanger. Industristaden stod i fare for å miste yrkesskulen sin som hadde vore i drift i 18 år.

Høyangersamfunnet førte kampen vidare. Ordførar Magnus Osland og andre tok turen til Oslo for tale skulen si sak. Fagrørsla i Høyanger la tyngda si inn i kampen. Stortingsmann for Arbeidarpartiet Ivar Norevik frå Høyanger arbeidde aktivt for skulen på

Sogn Folkeblad 1. juli 1952

Sogn Folkeblad 1. juli 1952

heimstaden. Lokalavisa Sogn Folkeblad følgde saka, og var ein viktig pådrivar i kampen. Den 23. oktober 1952 kan ein lese; «Å leggje ned skulen er ikkje berre uskjønleg, men rett og slett ei abnorm handling». Skulen sjølv, med bestyrar og faglærar Johan Eide og faglærarane Helmer Korssjøen og Nils Haaheim i spissen, var aktivt med i kampen via brevskriving og møteverksemd opp mot ulike aktørar. I sin argumentasjon nytta dei avisutklipp med omtale av saka og bilete frå skulen. Dei kjempa for at den då kommunalt drivne skulen skulle få fylkeskulestatus. Noko dei meinte var ein føresetnad for vidare drift.

I Oslo byrja ting å skje. Undervisingsdepartementet og Stortinget gjekk inn for at skulen i Høyanger skulle bestå, og at det skulle vere fire yrkesskular i Sogn og Fjordane. På Fylkestinget i 1955 vart yrkesskulen i Høyanger samrøystes og utan debatt oppteken som den fjerde yrkesskulen i Sogn og Fjordane. Fylkesyrkesskulen i Høyanger var ein realitet. Kampen enda med siger for skulen og høyangersamfunnet.

Elektrikarar i arbeid

Elektrikarar i arbeid

Ein ny skule veks fram
Med status som fylkesyrkesskule kom det til ei utbygging av ein ny skule i tre byggesteg i åra 1964 til 1975. Fylkesyrkesskulen i Høyanger var i sterk vekst på 1960- og 1970-talet med utvida opplæringstilbod. Skulen gjekk i denne perioden frå ein rein yrkesskule til ein meir allsidig vidaregåande skule med tilbod om allmenne fag (gymnas) og helse og sosialfag. Det vart etter kvart naturleg å skifte namn til Høyanger vidaregåande skule.

I siste halvdel på 1970-talet og utover på 1980-talet var skulen rekna for ein mellomstor skule med elevtal frå om lag 250 til rett i overkant av 300 på det meste. Hovuddelen av elevane var heimehøyrande i Høyanger kommune, og dei fleste av dei kunne bu heime. Ein stor del av elevane kom utanfrå, og ytre Sogn var rekna som hovudinntaksområde. Elles kom det elevar frå heile fylket. På denne tid budde gjerne 50-60 % av elevane ved skulen på hybel.

Frisørline

Frisørline

Oppbygging:

1933: Kyrkjebø 2-årige fagskole starta opp med snikkarline i kjellarlokala til Folkeskulen i Høyanger i oktober.

1934: Kurs i metallsløyd kom i gang i Vadheim.

1936: Mekanikarline starta opp i Høyanger.

1937: Skulen skifte namn til Høyanger Yrkesskule for handverk og industri.

1946: Elektroline starta opp.

1955: Skulen kom inn som ein del av det fylkeskommunale skuletilbodet og skifte namn til Fylkesyrkesskulen i Høyanger.

1964: Første byggesteg på ny skule, hesteskoen med verkstadlokala stod klare.

1968: Andre byggesteg, med teoribygg og gymsal stod klar.

1969: Frisørline starta opp.

1972: Allmenne fag (reformgymnas) kom til.

1975: Tredje byggesteg, ny teoriblokk med mellom anna auditorium stod klar.

1977: Skulen skifte namn til Høyanger vidaregåande skule.

1978: Helse og sosialfag kom til.

Elevtalsutvikling:

1959/60:   29 elevar

1965/66: 107 elevar

1970/71: 131 elevar

1975/76: 305 elevar

1980/81: 278 elevar

1985/86: 280 elevar

1990/91: 244 elevar

1995/96: 176 elevar

2000/01: 174 elevar

2005/06: 185 elevar

2010/11: 170  elevar

Omstilling

På 1980-talet kom det til nye vidaregåande skular i nærområdet til Høyanger med den private Sygna vgs i Balestrand og Dale vgs i Fjaler. Saman med nye liner ved andre skular i fylket, vart konkurransen om elevane skjerpa. Dette saman med ei gjennomgåande omstrukturerring av den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane på 1990-talet, førte til at elevtalet ved Høyanger vgs gjekk ned. Ein desentralisert skulestruktur var no retningsgivande for skulepolitikken i fylket. Færrast mogleg elevar skulle på hybel. Samtidig var tendensen at elevar som likevel måtte på hybel søkte seg mot større stader som t. d. Førde og Sogndal. Med bakgrunn i store omstrukturerringar innafor den lokale aluminiumsindustrien og anna næring, har Høyanger opplevd ein folketalsnedgang i perioden. Noko som naturleg nok og har påverka elevtalet.

Elevtalet ved skulen har frå midten på 1990-talet vore stabilt på mellom 150-190 elevar. Høyanger vgs er no tilpassa ein desentralisert skulestruktur med basis i elevar frå Høyanger og Balestrand. Skulen har i tillegg fylkesline for frisørfag og ambulansefag.

Det at skulen er relativt liten har ein gjort til eit fortrinn. Færre elevar har gjeve eit meir oversiktleg miljø. Det nære og tette forholdet mellom lærarar og elevar er trekt fram som ein viktig faktor i det gode opplæringsmiljøet ved skulen. Dette har ikkje komme av seg sjølv, bak ligg langsiktige og beviste prosessar. I åra 2004-2006 føregjekk det ei omfattande rehabilitering av bygningsmassen. Noko som samla har bidrege til eit heilskapleg godt arbeidsmiljø ved skulen.

Høyanger vgs står etter 80 års drift fram som ein moderne vidaregåande skule tilpassa eit tett samfunn i sterk omstilling, og er i dag ein særs viktig del av grunnmuren som høyangersamfunnet er bygd på. Den som kanskje har sagt dette klarast er tidlegare rektor ved skulen og ordførar i Høyanger, Kjartan Longva. I 2008 utalte han at; «Skulen er ein nøkkelfaktor. Viss skulen her skulle bli nedlagt, så vil det vere ei like stor katastrofe om du la ned Hydro».

Gaute Ljotebø

Litteratur/kjelder:

Engesæter, Aage og Thue, Johs. B. (1988). Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år.

Ljotebø, Gaute (2008). Høyanger vidaregåande skule 1933-2008.

Urtegaard, Gunnar (1983). Frå Kyrkjebø 2-årige fagskole 1933. Til Høyanger vidaregåande skule 1983.

Høyanger Industristadmuseum

Høyanger vgs

Sogn Folkeblad 1952

Sogn Folkeblad_23-oktober-tittel

Sogn Folkeblad 12. juni 1952

Sogn Folkeblad 12. juni 1952

Sogn Folkeblad 19. juni 1952

Sogn Folkeblad 19. juni 1952

Sogn Folkeblad 24. juni 1952

Sogn Folkeblad 24. juni 1952

Sogn Folkeblad 5. juli 1952

Sogn Folkeblad 5. juli 1952

Sogn Folkeblad 5. juli 1952

Sogn Folkeblad 5. juli 1952

Sogn Folkeblad 19. juli 1952

Sogn Folkeblad 19. juli 1952

Sveisekurs hausten1952 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen)

Sveisekurs hausten1952 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior)

Sogn Folkeblad 21. oktober 1952

Sogn Folkeblad 21. oktober 1952

Den 21. og 23. oktober 1952 hadde Sogn Folkeblad store oppslag på framsida som omtalte eit kurs i lysbogesveising i regi av Høyanger Yrkesskule. Kurset var gjennomført i samarbeid med NACo, og gjekk føre seg på deira mekaniske verkstad. Overskrifta 23. oktober var; «Høyanger Yrkesskule føl med i tida – og reiser nye idear». I følgje avisa var dette kurset det første i sitt slag i Sogn og Fjordane, og hadde 14 elevar og gjekk over 9 dagar.

Den 21. og 23. oktober 1952 hadde Sogn Folkeblad store oppslag på framsida som omtalte eit kurs i lysbogesveising i regi av Høyanger Yrkesskule. Kurset var gjennomført i samarbeid med NACo, og gjekk føre seg på deira mekaniske verkstad. I følgje avisa var dette kurset det første i sitt slag i Sogn og Fjordane, og hadde 14 elevar og gjekk over 9 dagar. (Foto; Eugen Nordahl-Olsen senior)

Sogn Folkeblad 23. oktober 1952

Sogn Folkeblad 23. oktober 1952

Sogn Folkeblad 23. oktober

Sogn Folkeblad 23. oktober

Kommenter innlegget

Filed under Historie

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s