Som vanleg var det godt oppmøte på 1. mai i Høyanger. Hovudarrangementet var på Bytorget der museet hadde ope med mykje besøk. I høve 100-årsjubileet var det i år mønstra to hovudtalarar. Ingrid Heggø frå Høyanger og Arbeidarpartiet og mangeårig bystyrerepresentant for partiet Raudt i Bergen, Torstein Dahle.
Hovudparola i år var; «Begrens krafteksport og nettleige – BRUK KRAFTA HER!» Dette var eit tema som begge talarane tok tak i. Eit anna tema som begge var innom var distriktpolitik. Torstein Dahle oppsummerer kombinasjonen industri- og distriktspolitikk greit. Det er der produksjonen skjer at verdiskainga er. På stader som Høyanger, og ikkje i Oslo. Ingrid Heggø var bekymra for at politikken til Høgre/FrP-regjeringa ville demontere Sogn og Fjordane fylke.