Sigurd Kloumann (1879-1954) stod i spissen og reiste kapital då NACo vart etablert i 1915, og var administrerande direktør i bedrifta i åra 1915-1946. Han er i fleire samanhengar gjerne omtalt som grunnleggaren av det moderne Høyanger. Kloumann hadde sin arbeidsplass ved hovudkontoret i Oslo, men var regelmessig innom Høyanger.
Kloumann var utdanna ingeniør og er rekna for ein av dei største industrileiarane i Norge tidleg på 1900-talet. Kloumann var aktiv i oppbygginga av Norsk Hydro i frå rundt 1905. Der han mellom anna var ar leiar for utbygginga av Svelgfoss kraftverk og bygging av ein gjødselfabrikk på Notodden. Kloumann planla og leia utbygginga av kraftanlegga og fabrikkanlegga på Rjukan. I Hydro si historie er Sigurd Kloumann rekna som ein pioner innanfor prosjekt leiing. Men han rauk uklar med den sterke mann i Hydro Sam Eyde, og gjekk ut av Hydro i 1912. Etter det var han delaktig i fleire større industriprosjekt mellom anna i Tyssedal og Sauda. Men det er etableringa av NACO med aluminiumsfabrikk i Høyanger og vidareforedling i Holmestrand som står att som Sigurd Kloumann sitt viktigaste bidrag i norsk industrireising.

Byste av Sigurd Kloumann avduka på hans 50 års dag 1. juli 1929. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)
Sigurd Kloumann var heller liten av vekst, og var kjent for eit heftig temperament og ein vel utvikla rettferdssans. Han var talsmann for ei moderat linje ovanfor fagrørsla, og var ein dyktig leiar som arbeidarane sette pris på. På hans 50-årsdag 1.juli 1929 vart bysta til generaldirektør Kloumann avduka;. Inskripsjon rundt sokkelen av bysta: «TILEGNET DIREKTØR KLOUMANN DER GRUNNLA OG BYGGET DETTE STED. REIST PÅ HANS 50 AARSDAG 1. JULI 1929 AV INNBYGGERE I HØYANGER, VENNER OG MEDARBEIDERE.» Bysta er forma av bilethoggaren Dyre Vaa.