Det første hotellet i Høyanger vart reist på tuftene til den gamle husmannsplassen Hagen under Hjetland. Her regjerte enka «Guri i Hagen». Då industrien kom til Høyanger i 1916 bygde ho saman med svigersonen Anders C. Eide opp eit hotell på staden der husa stod. Hotellet bar etter kvart hans namn, men det var Guri Hagen som reiste mesteparten av kapitalen.

Eides Hotell etter ombygging/utviding i 1921. (Foto: Eugen Nordahl Olsen senior/Fylkesarkivet)
Guri Hagen (Hjetland) (1857-1942) vart tidleg enke då mannen Johannes Øyra (1855-1887), som var jekteførar, drukna i Bergen. Ho fekk skilt ut eit stykke jord frå Øyra (Øren) og Hjetland, slik at ho skulle kunne klare seg. Dette var den tidlegare husmannsplassen Hagen under Hjetland (Hjetland 60/3 Hagen) som vart slått saman med Øyra 59/2. Då industrien kom til Høyanger nekta ho å selje den vesle jordflekken sin til NACo, men måtte til slutt gi seg. Ho fekk 90 000 kroner for bruket, samt 3 kilowatt elektrisk kraft. Salet gav grunnlaget for hotellet som kom til i 1916.

Frå venstre Guri Hagen, Andrea «Drea» Eide (søster til A. C. Eide), Hanna Hagen (seinare gift med A. C. Eide), Anders C. Eide, barna hans: Arthur (på armen) og Gertrude (foran), til høgre Johanne Hagen. Hanna og Johanne var døtre av Guri. Johanne vart gift Mosness i Drammen. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet)
Eine dottera til Guri Sigrid (1884-1918) utvandra til Amerika. Der gifte ho seg med Anders C. Eide (1887-1945) i 1911. Han kom frå Bergen, men var opphavleg frå Bygstad. Sigrid og Anders kom attende til Norge i 1914. Då var Sigrid gravid med Gertrude (1914-2005). I 1917 vart sonen Arthur (1917-1954) fødd. Etter at Sigrid døde i 1918, gifte Anders C. Eide seg oppatt med søstera til Sigrid Hanna (1881-1973) i 1923. Dette var utgangspunktet for familien som eigde og drifta hotellet som bar namnet Eides Hotell.
I starten var det Guri Hagen og Anders C. Eide som eigde hotellet. Etter at dei døde tok Hanna Eide over. Frå rundt 1960 var det dotter til Sigrid og Anders, Gertrude, som stod som eigar.
Gertrude, eller «Baby» som ho var omtalt til dagleg, gifte seg først med Kjell Rønne i 1944. Dei fekk barna Tore, Åse og Arthur-Kjell «Atten». Gertrude skilde seg og gifte seg opp att med Jostein Søreide i 1964. Det er Jostein som er opphavet til namnet Joss Pub. Tore Rønne gifte seg med Else i 1970. Tore og Else Rønne drifta hotellet i mange år. Gertrude «Baby» Eide Søreide stod som eigar av hotellet fram til ho døde i 2005.

Johan Øren sin 50-årsdag vart feira på Eides Hotell med familie og kollegaer i 1930. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet)
Hotellet hadde i 1916 15 senger. Det gamle gardshuset til Guri vart bygd inn som ein del av det nye hotellet. Hotellet vart utvida i 1921, 1936 og 1973, og fekk etterkvart 40 senger.
I 2006 kjøpte Roy Solbakken frå Førde Eides hotell. I 2008 selde han det vidare til Frank Ove Ytredal. Hotellet fekk no namnet Høyanger Hotell.

I samband med feiringa av 100 års jubileet laurdag 5. november 2016 heldt kultursjef i Høyanger kommune, Anita Nordheim, ein helsingstale. I den samnheng overekte ho ei gåve til hotellet ved eigar Frank Ove Ytredal.
Det tradisjonsrike hotellet har behalde sin historiske stil utvendig. Innvendig er det og mykje historie i veggane. Ikkje minst vegmåleria til Rudolf Krogh i matsalen. Noko som han etter sigande skal ha malt for kost og losji medan han budde på hotellet i samband med at han arbeidde med veggmåleria på Valhall i 1927.
Hotellet har vore, og er framleis, ein viktig sosial samlingsstad for industristaden. Der folk har møttest i både glede og sorg. Folk og familiar har møttest åremålsfestar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferd. Det er ein viktig lokal utelivstad. Hotellet er framleis ein viktig arena for kulturlivet, der helst livemusikk står på plakaten. Ein periode på 1980- og 1990-talet var «Joss Pub» kanskje den mest kjende rockescena i Sogn og Fjordane. Høyanger Hotell med opphav på husmannsplassen Hagen, er eit levande kulturminne som har levd med industristaden Høyanger frå starten av.
Kjelder:
Førsund, Adolf og Førsund, Sigurd. 1963. Bygdebok for Kyrkjebø – Band II. Gardsoga. Høyanger.
Førsund, Adolf. 1995. Bygdebok for Kyrkjebø – Band I. Ættebok for Kyrkjebø. 3. opplag. Oppdatert tillegg til 1994. Høyanger.
Ytre Sogn: Tysdag 8. november 2016
https://foto.fylkesarkivet.no/
Foto frå Høyanger verk sitt fotoarkiv