Byvandring

Høyanger er  framstilt som eit lærestykke i byplanlegging og bybygging  frå 1900-talet, med fleire kulturhistoriske og arkitektoniske kvalitetar.  Men utbygginga hadde andre sider, Høyanger var lenge eit klassisk klassedelt industrisamfunn, som og avspegla seg i bustadbygginga.

Engilsh: A Walking Tour of Høyanger

Orginale byplan frå Morgenstierne og Eide frå mai 1917. (Hydro Høyanger)

Den originale byplan til Morgenstierne og Eide frå mai 1917. (Hydro Høyanger)

Før 1916 bar staden namnet Høyangsfjord og var ei lita bygd med om lag 120 innbyggjarar, som i hovudsak livnærte seg av jordbruk. Folket budde på gardane Øren og Sæbø langs strandlinja, Hjetland litt lenger framme, Håland på eit platå over bygda og Dale om lag tre kilometer lenger framme i dalen.

Høyangsfjorden sett frå Hjetland rundt 1908. (Foto: Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyangsfjord sett frå Hjetland rundt 1908. (Foto: Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Mot slutten på 1800 talet byrja kommersielle interesserer i Norge å kjøpe opp rettane til fossekrafta. Av fossekrafta kunne ein produsere elektrisitet som igjen kunne nyttast til industrielle produksjon, og var noko ein kunne tene pengar på. Dette skjedde og her. Etter nokre år med oppkjøp, vidaresal og planlegging byrja prosessen fram mot industrireisinga. I 1914 vart det søkt om konsesjon for utbygging i Høyangsfjord, og etter handsaming i Storting og departement vart det gjeve endeleg konsesjon i 1915. I konsesjonskrava vart det mellom anna stilt krav om reguleringsplan, og at verksemda skulle skaffe arbeidarane bustad og legetilsyn.

Allkunne/Fossekjøparen i Høyanger

Allkunne/Einar Ramsli

Allkunne/Harald Larsen

I konsesjonsvilkåra stod det mellom anna at utbyggar var pliktig til: «..at skaffe arbeiderne sundt og forsvarlig husrom, tomter til bygging av egne hjem med veier, vand, kloak-, og elektrisk lysanlegg, grund til forsamlingslokale, til lokale for kooperativ eller anden handelsviksomhet og lignende…»

Høyanger 14. september 1919. Fabrikken til høgre ved fjorden ligg på Øren. Til venstre nede ved fjorden ser ein i Murgården på Sæbøtangen. Hjetland er framleis lite utbygd. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger sett frå Håland 14. september 1919. Fabrikken til høgre ved fjorden ligg på Øren. Til venstre nede ved fjorden ser ein i Murgården på Sæbøtangen. Hjetland i framgrunnen er framleis lite utbygd. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Den 13. november 1915 vart bedrifta A/S Høyangfaldene, Norsk Aluminium Company etablert. Den  28. februar 1916 kom det roande seks svenskar og to nordmenn inn Høyangsfjorden som skulle på anleggsarbeid. No kom sjølve utbygginga i gang. Om lag ein månad seinare, den 21. mars 1916, vart det halde eit møte mellom lokale myndigheiter og leiinga i A/S Høyangfaldene Norsk Aluminium Company. På møtet var ei av sakene som var oppe framtidig arealbruk på staden, noko som la viktige føringar for vidare utvikling av industristaden. Det skulle ikkje berre byggast kraftanlegg og fabrikkanlegg, det måtte og byggast bustadar der arbeidarane på fabrikken skulle bu og leve. Noko som bedrifta nemnde som byanlegg. På møtet vart det og føreslege at Høyanger skulle vere det offisielle namnet på industristaden, noko som straks etter vart vedteke av myndigheitene.

HIM/Sigurd Kloumann

HIM/»Stiftingmøte» for Høyanger, referat 21. mars 1916

Kva idear selskapet hadde for bustadområda kan ein mellom anna lese i referatet frå møtet: «….. at det var selskabets hensigt at gjöre sine fremtidige bebyggelser av enhver art saa smukke og i sanitær henseende saa tilfredsstillende som mulig, ……». Bedrifta sin visjon var å bygge eit harmonisk og velregulert industrisamfunn, skape ein «sørlandsby inne innimellom dei vestlandske fjell».

Høyanger 2. august 1934. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger 2. august 1934. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Sjølv om Høyangsfjord i 1915 var ei levande jordbruksbygd, så kan ein langt på veg hevde at bedrifta starta med blanke ark i høve til utbygging. Dei eigde heile Øren garden, deler av Hjetland og Sæbø. Konsesjonen kravde at dei måtte stå for mykje av infrastrukturen og utviklinga av det nye industrisamfunnet. Til å planlegge dette vart arkitektfirmaet Morgenstierne og Eide leigd inn får å lage ein reguleringsplan, denne var klar i mai 1917 i form av eit reguleringskart. Fram til slutten av 1950-talet vart Høyanger i all hovudsak utvikla etter denne planen, og det var arkitektar som heile vegen stod for planlegging av arealbruk og teikninga av fleire av husa.

Det tok tid å bygge Høyanger frå grunnen av. Under den første anleggstida i 1916-17 byrja dei nede ved fjorden, og ein kan i grove trekk hevde at industristaden utvikla seg gradvis oppover dalen. Utbygginga gjekk ikkje på skinner. Den første tida hadde bedrifta problem med å få tak i Oksid (som er råstoff i aluminiumsproduksjonen), og det vart ikkje betre av ei internasjonal krise slo inn i starten på 1920-talet. Bedrifta kom i økonomiske problem, og vart berga ved ei re-finansiering med utanlandsk kapital i januar 1923. Etter dette vart bedrifta nemnd som A/S Norsk Aluminium Company, eller NACo i kortform. Først no tok sjølve byutviklinga til,  og det som  ein i dag kjenner som Høyanger vaks fram for alvor.

Bygging av Byporten 16. januar 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Bygging av Byporten 16. januar 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger er planlagt av arkitektar med internasjonal erfaring. Utbygging i Høyanger var gjennomført i tråd med samtidas internasjonale og nasjonale trendar for sosial bustad og byutvikling. Ein måte å utvikle og bygge på som gjerne er omtalt som hagebyrørsla. Dette var ei rørsle som hadde utgangspunkt i 1800-talets industrielle utvikling i England, der ein hadde negative erfaringar med byar prega av kaos og arbeidarbydelar med store sosiale og miljømessige problem prega av fattigdom og sosial naud. Ein ville no i staden bygge idealbyar med betre tekniske og miljømessige løysingar. Dei nye idealbyane skulle gi rammene for eit sosialt, sunt og menneskeverdig liv for arbeidarane. Målet var at arbeidarklassen skulle få sosial framgang gjennom skulegang, kulturliv og demokrati.

Bygging av Byporten i 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Bygging av Byporten i 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

I 1920 budde her 953 innbyggarar og i 1930 hadde folketalet vakse til 2218, ei folketalsauke på 1265 personar. Dette er ein periode beskrive med stor bustadnaud, der bustadbygginga låg etter folketalsauken. Eit anna viktig trekk frå denne tida er at Høyanger var eit markert klassedelt samfunn med arbeidarklassen representert ved arbeidarane på eine sida, og dei borgarlege med leiinga og funksjonærar på fabrikken representerte andre sida. Dei fleste lokale bøndene og dei forretningsdrivande på staden, høyrde og til på den borgarlege sida.

Høyanger juli 1953. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen junior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger juli 1953. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen junior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Klasseskiljet avspegla seg i byutviklinga. Den kjende, og no avdøde arbeidarpartipolitikaren og kringkastingssjefen Einar Førde, som vaks opp her på 1940- og 50-talet, har sagt det slik; «I det Høyanger som eg vaks opp i, var klasseskilje og sosial lag deling ein karakteristisk realitet i bustadmiljøa. Stort sett kunne ein, dersom ein viste kvar folk budde, også finne ut kva dei gjorde».

Byvandring kart Høyanger sentrum. (Høyanger kommune)

Byvandring kart Høyanger sentrum. (Høyanger kommune)

1 Byporten

Byporten på 1970-talet. (Foto: HIM)

Byporten på 1970-talet. (Foto: HIM)

Dei første åra var etter at industrien kom til Høyanger var det veglaust, og dei fleste som kom hit måtte i båt. Først i 1934 var vegen til Nordeide klar. Med ny veg var det på sin plass at Høyanger fekk seg ein byport. Denne var bygd året før i 1933. I Byporten var det opphavleg åtte arbeidarbustader, fire i kvart hus. Byporten er teikna av ingeniør Carl Fredrick Borch Kloumann. I 1990 tok Høyanger kommune over bygget, og i 1997 vart Høyanger industristadmuseum opna i delen ned mot fjorden.

Byporten sommar 2015 (Foto: Stian N. Heggelund)

Byporten sommar 2015 (Foto: Stian N. Heggelund)

2 Samfunnshuset, Bytorget og Folkets Hus

Folkets Hus og Byporten 16. juni 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Folkets Hus og Byporten 16. juni 1933. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

På tomta der samfunnshuset står i dag, stod Folkets Hus, som var bygd i 1917. Huset var arbeidarane sitt forsamlingslokale og inneheldt blant anna kino. Gamle Folkets Hus vart rive i 1970 for å gi plass til eit nytt og moderne forsamlings lokale. Det nye samfunnshuset som kom opp representerte på mange vis det moderne Høyanger og stod klar til bruk i 1971. Huset er  teikna av arkitekt Olav Skjerve. I festsalen er det utsmykking av Knut Ruhmor med fargesprakande abstraksjonar med symbolikk frå natur og verksemd i høyangersamfunnet.

Samfunnshuset 1970-talet. (Foto: HIM)

Samfunnshuset 1970-talet. (Foto: HIM)

Bytorget sommar 2015 (Foto: Stian N. Heggelund)

Bytorget sommaren 2015 (Foto: Stian N. Heggelund)

Bytorget vart rehabilitert i 2001, der arbeidarmonumentet «Han, Hun og Vann» av Kristian Blystad er sentralt. På andre sida av gata ligg musikkpaviljongen som var bygd i 1932. Og som vart restaurert i 2014.

Fotograf Stian N. Heggelund

Bytorget med byporten og arbeidrmonumentet «Han, Hun og Vann» av Kristian Blystad sommaren 2015 (Foto: Stian N. Heggelund)

Musikkpaviljongen og Egne Hjem oppover Gate 10, 16. jun 1933. (Hans Hygensgate . (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Musikkpaviljongen og Egne Hjem oppover Gate 10, 16. jun 1933. (Hans Hygensgate . (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

3 Egne Hjem, Hans Hygens gate, Hagegata og Tingsurdgata

Allkunne/Hans Hygen

Egne Hjem området som går oppover frå Hagegata vidare opp Hans Hygens gate og Tingsurdgata,  vart utbygd i åra 1925-1927. Egne Hjem rørsla vaks fram i Norge, med formål om å skaffe arbeidarar eigne hus og hagar. I Høyanger var Egne Hjem ein vesentleg del av NACo sin strategi om å bygge eit harmonisk og velregulert industrisamfunn. NACo kjøpte tomter som dei festa bort, var med på bygginga, gav økonomisk støtte og sytte for arkitektteikningar. Det var ei stor investering for arbeidarfamiliane å bygge hus, og dei fleste måtte difor leige ut. Opptil 16 personer kunne gjerne bu i eit hus med grunnflate på ca. 49 kvadratmeter.

Gate 10 (Hans Hygensgate) 30. september 1928. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Gate 10 (Hans Hygens gate) 30. september 1928. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Det var sendt ut innbydelse til bygging av Egne Hjem hus første gong i 1923. Dei som fekk seg Egne Hjem hus var arbeidarar og lågare funksjonærar ved NACo. På den måten sikra bedrifta seg stabil arbeidskraft, og huseigarane fekk nye moderne hus etter den tids standard. Kontrakten batt huseigaren tett opp mot bedrifta. Dei eigde huset medan NACo eigde grunnen. Bedrifta sette mellom anna som krav at huseigar var forplikta til å leige ut til tilsette på fabrikken. Dei kunne heller ikkje selje fritt til kven dei ville, men måtte selje til tilsette på fabrikken. Dette medførte mellom anna at ein ikkje kunne selje det til sine eigne born om dei ikkje var tilsett på verket.

HIM/Egne Hjem

Ein av dei som var med å utvikle Høyanger i frå starten av var Nils Høvik som var tilsett som gartnar i bedrifta frå rundt 1917. Han har skrive ned noko av det han opplevde og var med på i; «Høyanger frå urd og stein, fram til småhagane i dag».

HIM/Nils Høvik, «Høyanger frå urd og stein..»

Folk i Høyanger trengde straum, og naturleg nok var det NACo som tok seg av straumforsyninga og. Her skulle det også vere ein viss stil. I Hagegata ligg transformatorkiosken som forsyner Egne Hjem og store delar av Høyanger sentrum med straum. I Høyanger er det fleire liknande transformatorhus/kioskar (straumhus). Den i Hagegata er den siste som er igjen med tårn. Innmaten i kiosken er modernisert, og tårnet er ikkje i bruk lenger.

Kulturminnesøk/Transformatorkiosk Hagegata

YouTube/Transformatorkiosk Hagegata

Høyanger er fleire samanhengar framstilt som ein hageby. Dette var ein bevist strategi, som vart følgt opp. På midten av 1920-talet, då husbygginga var på sitt største, vart det henta inn 15 anleggsgartnarar av NACo for å ordne med beplantninga av byanlegget. Bedrifta gav plantar og frø til hageeigarar i Høyanger. Det var ei tid konkurranse om kven som hadde dei finaste hagane i Egne Hjem.

Hagegata august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Hagegata august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Ein viktig baktanke med Egne Hjem utbygginga var at om arbeidarane budde godt, ville dei ikkje bli opprørske. Dei som budde i Egne Hjem var rekna som ei stabil arbeidskraft. Etter kvart kom det til fleire Egne Hjem hus fleire stader i Høyanger. Husa er arkitektteikna, og det har vore ulike arkitektar som har vore inne til ulike tider. Dei første husa frå 1924-25 er teikna av Nicolai Beer.

4 Skulen

Skulen august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Skulen august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

NACo stod ikkje berre for bustadbygging, dei var og involvert i andre sider ved samfunnet. Den opphavlege skulen i Høyanger var for liten, og ein trengde ny skule. Høyanger skule består av to skulebygningar. Det eldste, dagens barneskule frå 1923 og dagens ungdomskule med første byggesteg frå 1932.

Skulebygget frå 1923 vart bygd av Kyrkjebø kommune med økonomisk bidrag og teikningar frå NACo. Bygget er teikna av arkitekt Klomann, og byggmeister var Nordland frå Stavanger og bygget kosta i si tid 250 000 kr.

Kulturminnesøk/Barneskulen

Kulturminnesøk/Ugdomskulen

Den største skulebygningen vart bygd etter teikningar frå arkitekt Einar Alvsaker med første byggesteg i 1932, (halvdelen opp mot leikeplassen). Det første byggesteget inkluderte og gymsalen. Byggmeister var Øvstegaard frå Bergen kosta den gang 240 000 kr. Bygget vart bygd på etter opphavlege planar i 1947-48 (halvdelen mot idrettsplassen).

Høyanger skule sommar 2015. (Foto: Stian N. Heggelund HIM)

Høyanger skule sommaren 2015. (Foto: Stian N. Heggelund HIM)

5 Valhall

Valhall august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Valhall august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger ungdomslag vart skipa i 1893. Då industrien kom til bygda i 1916, kunne endeleg planane om eit eige hus realiserast. Sommaren 1918 fekk ungdomslaget ei tomt i gåve av dei to bøndene på Hjetland. Det vart nedsett ei byggenemnd, og i august same året kom arbeidet med grunnmur og ein liten kjellar i gang. NACo leverte teikningar til bygget, og byggmeister Vattekar sette det opp. Vinteren 1921-22 vart huset teke i bruk, og 4. februar 1922 var det innviingsfest til det nye ungdomshuset til Høyanger ungdomslag.

Kulturminnesøk/Valhall

I tradisjon med si samtid fekk bygget eit ekte norsk namn, Valhall. I norrøn mytologi var Valhall den plassen dei falne samla seg etter slaget, eit paradis utan smerte og jordiske plagar. Når festsalen skulle utsmykkast, var det soleis naturleg å følgje opp den nasjonale lina. I 1927 måla den kjende teatermålaren Rudolf Krogh veggmaleri med nasjonale motiv, mellom anna frå norsk vikingtid. Før dette hadde han og måla seneteppet.

Valhall var i utgangspunktet ungdomslaget og det opphavlege bygdefolket sitt forsamlingslokale. Men mange funksjonærar og andre i lokalsamfunnet fann og vegen til Valhall. Her hadde laget mellom anna møteverksemd, teater og leikarring. Lokalet var og leigd ut til andre, og var eit mykje brukt festlokale til ulike arrangement. I det klassedelte høyangersamfunnet fungerte Valhall lenge som samlingsstad for den borgarlege sida.

Under krigen 1940-45 var Valhall i periodar brukt som lager og bustad for tyske soldatar. Då freden kom, hadde soldatane stole og øydelagd alt inventar. Mellom anna eit verdifulle sceneteppe, måla av Rudolf Krogh. Dette hadde dei brukt som innlegg i skoa. Heldigvis hadde dei ikkje røyrt veggmåleria.

Valhall sommar 2015. (Foto: Stian N. Heggelund HIM)

Valhall sommaren 2015. (Foto: Stian N. Heggelund)

Etter krigen tok aktiviteten til ungdomslaget og i Valhall seg opp igjen.  Men frå rundt midten på 1960-talet gjekk medlemstalet og aktiviteten i laget nedover. På den tid kom det til nye aktivitetar. På 1960- og 1970-talet var Valhall ein populær stad for offentlege dansefestar. Dei seinare år har huset vore nytta som øvingslokale og studio for deler av det aktive rockemiljøet i Høyanger. Valhall er framleis i bruk som festlokale i samband med bryllaup, konfirmasjonar, bursdagar og andre ulike private festlege lag. I så måte er Valhall framleis eit aktivt oppegåande forsamlingslokale og kulturhus for høyangersamfunnet.

Storgata august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Storgata august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Storgata sommar 2015. (Foto: Stian N. Heggelund HIM)

Storgata sommaren 2015. (Foto: Stian N. Heggelund)

6 Nedre Sæbø

Nedre Sæbø sommar 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Nedre Sæbø sommaren 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Bustadbygginga i Høyanger var ikkje berre i regi av NACo. På Sæbø kom det på slutten 1920-talet i gang ein privat bustadbygging. Bedrifta sine reguleringsplanar omfatta også dette området, men her hadde bedrifta mindre innverknad.

Det vart kjøpt bustadtomter av bøndene på Sæbø. Kommunen var her ein viktig bidragsytar med økonomisk støtte og opparbeiding av gater, vatn og kloakk. Dette var eit bustadområde som gjerne var omtalt som «privat bebyggelse». Dei private husa på Sæbø er jamt over større enn Eigne Hjem husa.

Her fekk både arbeidarar og funksjonærar på fabrikken seg hus. Her var det ikkje minst mogeleg for andre som ikkje var tilsett ved NACo å sette seg opp med eige hus. Dei fleste huseigarane leigde ut til andre. Det var i realitet denne private husbygginga som etter kvart fekk slutt på bustadnauda etter krigen. No kom det til fleire hus vidare oppover på Øvre-Sæbø, på Hjetland, oppover lia opp mot Håland, og på Dale.

Parti frå Nedre Sæbø med bedehuset og Kyrkja bakom. Fjellpartiet i bakgrunnen er Stopulen. (Foto: Gaute Ljotebø)

Parti frå Nedre Sæbø med bedehuset og kyrkja i bakrunnen. Fjellpartiet i bakkant er Stopulen. (Foto: Gaute Ljotebø)

7 Roseparken

Høyanger var kjent som hagebyen, der fabrikkeigaren NACo i si tid stod i bresjen for at byanlegget skulle vere vakkert. Dei hadde gartnarar i arbeid for å halde det i stand. Seinare har eigarane i hovudsak konsentrerer seg om fabrikkdrifta. I dag er det Høyanger kommune som har ansvaret for å drifte fleire av dei mange mindre hage- og parkanlegga ein finn i Høyanger. Roseparken kom på 1990-talet, etter at huset som opphavleg stod her vart rive. Eit anna viktig element i bybildet er fleire kunstverk, i hovudsak skulpturar som er plassert rundt om Høyanger sentrum. I Roseparken finn vi «Danserinne» av Per Hurum frå 1995.

Roseparken sommaren 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Roseparken sommaren 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

8 Høyanger kyrkje

Kyrkja kom seint på plass i Høyanger. Opphavleg var Kyrkjebø kyrkjestaden for bygda. Etterkvart som Høyanger vaks til melde behovet seg for ei eiga kyrkje. I dei opphavlege reguleringsplanane var kyrkje teikna inn. Dei første konkrete planane frå leiinga i NACo tok til i 1923, men det skulle ta tid før kyrkja endeleg kom. Difor måtte ein lenge ty til mellombelse løysingar. Der mellom anna lokalitetar ved Høyanger skule var nytta. I 1929 vart det nyleg oppsette Høyanger bedehus innvigd til interim kyrkje.

Høyanger Kyrkje. (Foto: Gaute Ljotebø)

Høyanger Kyrkje. (Foto: Gaute Ljotebø)

Det var ein periode strid om kvar kyrkja skulle stå. På den opphavlege byplanen var kyrkja teikna inn lenger nede på Sæbø. Det kom opp planar om å bygge kyrkje på Høgebakkane. Når vegen til Håland kom i 1929, var vegen opp der kyrkja var planlagt bygd ein meter breiare enn vegen vidare opp til Håland. Men det vart ikkje noko kyrkje her. På 1930-talet kom planane i gang for kyrkje på noverande tomt, og i 1938 kom grunnarbeidet i gang med å bygge ei åttekanta steinkyrkje. Men krigen sette ein stoppar for vidare byggearbeid i denne omgang.

Etter krigen kom planane om kyrkje opp att, men det skulle enno ta litt tid. Først den 11. september 1960 vart Høyanger kyrkje innvigd. Kyrkja var ei gåve frå NACo og er teikna av arkitekt Arnstein Arneberg.

Eit gamalt segn ville ha det til at fjellpartiet Stopulen ville rase ut første gongen kyrkjeklokkene ringde i Høyanger. Noko som ville skape ei flodbølgje som ville lagt Høyanger aude. Det var nok dei som kika litt engsteleg bort på Stopulen då klokkene ringde første gongen. Det er fortalt at fleire i den anledning hadde teke turen opp på Håland. Det gjekk bra, Stopulen og Høyanger står framleis.

Som nemnt kom kyrkja seint på plass i Høyanger. Den var med i den første reguleringsplanen, men det var andre behov som var viktigare. Med stor bustadnaud var bustadbygginga prioritert. På samfunnsida var skulane og eit nytt og moderne sjukehus viktigare. NACo var utbyggar, men her var og ei anna sterk gruppering på staden, godt organiserte arbeidarar. Her var ei markant fagforeining, og frå midten av 1920-talet hadde Arbeidarpartiet og Kommunistpartiet fleirtal i kommunestyret. Arbeidarrørsla stod sterkt, og grovt sett kan ein hevde at dei var meir interesserte i politikk og fagforeiningsarbeid enn i kyrkje og misjon.

9 Sæbøtangen

Høyanger med Sæbøtangen i forgrunnen 13. mai 1930. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger med Sæbøtangen i forgrunnen 13. mai 1930. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Gamle Sæbøtangen har ein spesiell plass i industristaden Høyanger si historie. Her fann ein det mest utprega arbeidarstrøket. Området har vore oppfatta og framstilt på ulike vis. Via gamle fotografi kan ein få inntrykk av ein idyll, der busetnaden låg vakkert til nede ved fjorden. Dette var heimstaden for mange i kortare eller lenger tid, og mange av dei har gode minner frå denne tida. På andre sida er området i enkelte samanhengar omtalt som «slum», ein stad forbunde med dårleg levestandard og sosiale problem. Ungane som ikkje høyrde heime her frykta staden og gjekk i ring rundt det. I det klassedelte industrisamfunnet var Sæbøtangen i periodar kanskje sett på som den delen av Høyanger med lågast sosial status.

Slottet på Sæbøtangen (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Slottet på Sæbøtangen (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Det var NACo som frå 1916 sto for utbygginga av store deler av bydelen Sæbøtangen. Her hadde dei utleigehusvære for arbeidarane med Murgården som var bygd i 1916. Slottet kom i 1926 og Pendenten i 1928. Sæbøtangen var og tilhaldsstad for mange av dei einslege mennene, eller ungkarane som dei var kalla, dei åt på Folkekjøkkenet som var bygd i 1916. I 1937 sette NACo opp eit eige hus for dei kalla for Ungkarsboligen, og er i dag den einaste bygningen som står igjen av det som samla sett var nemnd som Sæbøtangkomplekset.

Sæbøtangen 3. oktober 1924. På Sæbøtangen var det og det NACo nemnde for privatbebyggelse. Her ser vi eit parti frå dagens Strandgate. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk)

Sæbøtangen 3. oktober 1924. På Sæbøtangen var det og det NACo nemnde for privatbebyggelse. Her ser vi eit parti frå dagens Strandgate. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk)

Dette  var arbeidarbustader for tilsette ved NACo. I tillegg fekk bedrifta sett opp Egne Hjem hus og ein funksjonærbustad her i 1928. Men Sæbøtangen var noko meir, her var og det som NACo kalla for «privat bebyggelse» med både bustadar og næringsverksemd. I løpet av 1920- og 1930-talet utvikla Sæbøtangen seg til å bli ein særeigen liten bydel, og dei som vaks opp i denne tida kan fortelje om eit livleg lite lokalsamfunn.

Nokre vart buande på Sæbætangen. Men for dei fleste var tilværet i utleigehusværa på Sæbøtangen ei mellombels løysing, til dei fekk seg noko betre andre stader. Enten ved å ordne seg gjennom arbeidsgivar NACo i Parken eller Egne Hjem. Nokre sette seg og opp med eigne hus. For fleire var Sæbøtangen og eit utgangspunkt før dei fekk seg noko eige. Andre budde kanskje heile livet. Opp igjen om åra er det difor mange som har budd på Sæbøtangen.

Sæbøtangen sommar 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Sæbøtangen sommaren 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

På 1970- og 1980-talet vart det meste av sæbøtangkomplekset rive. Det einaste bygget som står igjen av dette er Ungkarsboligen.  Dette bygget er rehabilitert i fleire omgangar, mellom anna etter ein brann, og har ikkje lenger sin opphavlege funksjon som «unkarsbolig». Det gamle Sæbøtangen, særskilt Murgården, står for mange som eit symbol på det tapte Høyanger. Det var her mange første generasjons industriarbeidarar og deira familiar smelta saman med arbeidarkulturen, og området utvikla seg til det mest markante og sær typiske arbeidarstrøket i Høyanger.

10 Parken 

Parken sommar 2015, sett frå Oksydsiloane på fabrikken. (Foto: Gaute Ljotebø)

Parken sommaren 2015, sett frå Oksydsiloane på fabrikken. (Foto: Gaute Ljotebø)

Husa i Parken er bygd opp av NACo og teikna av arkitekt Nicolai Beer. Området vart utbygd i åra 1916-1928. Murhusa i Kloumanns allè kom opp i 1916-17. Der det sentrale bygget er direktørbustaden, der han hadde sine nærmaste medarbeidarar i den lokale leiinga rundt seg. I tillegg var det bygd to murhus i Storgata. I 1924 vart det bygd 10 arbeidarbustader i tre, med fire husvære i kvar. Slik at dei i kvart av husa kunne bu opptil fire familiar. Til sist kom  Messa i 1928, bygd i tre. Messa fungerte som eit forsamlingslokale og representasjonsbustad for leiinga ved NACo, med tilhøyrande ingeniørbustader på kvar side.

Kloumanns allé 15. august 1935 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Kloumanns allé 15. august 1935 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Elva og plankegjerdet markerer på mange vis det gamle klasseskiljet i Høyanger. På nesida av gjerdet heldt leiinga ved NACo til. Ovanfor gjerdet mot elva var det arbeidarbustader. På andre sida av elva fann vi det mest utprega arbeidarstrøket på Sæbøtangen med Murgården. Fram til 1971 var det bru over elva, slik at dei på Sæbøtangen som skulle på arbeid gjekk gjennom Kloumanns allè opp mot fabrikkporten.

Bru over elva som skiller Kloumanns allé og Sæbøtangen med Murgården (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Bru over elva som skiller Kloumanns allé og Sæbøtangen med Murgården. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Parken august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Parken august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

I NACo si tid var husa i Parken eigd av bedrifta, og husværa var nytta som utleigebustader. Slik var det også i perioden ÅSV styrde, 1967-1986.  Etter at Hydro overtok i 1986, byrja ei ny tid for Parken. Parken var no sett på som eit heilskapleg bustadmiljø som vart trekt fram som eit verneverdig område. Riksantikvaren fann at Parken inneheldt både arkitektoniske, landskapsmessige og kulturhistoriske verdiar som burde takast vare på. 7. desember 1989 overtok Sogn og Fjordane bustadbyggarlag  husa på oppsida av Kloumanns alle, medan verket framleis beheldt dei som er på nedsida av Kloumanns alle.  1. november 1993 gjorde Riksantikvaren vedtak om å frede Parken.

På midten av 1990-talet vart dei fleste husværa rehabilitert og omgjort frå firemannsbustader til to- og tremannsbustadar. Nokre var og omgjort til einebustader. Seinare har Hydro og seld ut fleire av husa mot fjorden. Slik at dei i dag berre eig direktørbustaden og Messa med tilhøyrande bustader.

Sanitetshuset i Parken. (Foto: Gaute Ljotebø)

«Gamle sjukehuset» i Parken. (Foto: Gaute Ljotebø)

Anna Underdal, som vart gift med bonden på garden Øyra (Øren) i 1899, fekk flytta dette huset frå heimbygda si Underdal i Aurland til Høyangsfjord. Og var då gjerne nemnd som  «Underdalshuset».  Frå 1916 vart huset nytta som bedriftssjukehus med 7 senger fram til det nye sjukehuset kom i 1934. Seinare vart huset seld til Høyanger Sanitetsforeining, og er i dag  helst omtalt som «Gamle sjukehuset» eller «Sanitetshuset».

Høyang-Bjørn

11 Storgata

I den opphavlege byplanen til Morgenstiern og Eide frå 1917 var gamle verksporten tyngdepunktet. Kaien med gamle verksporten var lenge en viktig samlingsplass i det gamle Høyanger. Her ligg framleis administrasjonsbygning til fabrikken. Her gjekk arbeidarane inn porten på arbeid. Her la båten til og frå Bergen til kvar dag,  fram til 1934 då vegen var klar, var dette på langt veg einaste innfallsporten til Høyanger. Etter at «nyevegen» kom var dette utganspunktet for bussrutene til og frå Høyanger. Nede ved kaien ligg administrasjonsbygget til fabrikken, og den gamle verksporten. Delen nærmast  administrasjonsbygget var bygd i 1916-17 og verksporten i 1924. Desse bygga er teikna av arkitekt Nicolai Beer. Administrasjonsbygget, eller «Gulehuset» som det blir nemnd som på folkemunne, var påbygd i 1954.

Kaien i Høyanger tidleg på1950-talet. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen junior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Kaien i Høyanger tidleg på 1950-talet. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen junior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Etter at den nye verksporten vart opna opp ved Leira, og Høyangertunellen med veg mot Balestrand kom tidleg på 1980-talet. Har tyngdepunktet i Høyanger flytta til opp til Byporten og Bytorget.

Det hender at det er mykje folk på kaien i enkelte høve i dag og. Her har folket møtt opp for å ta i mot sommatbåten 16. juli 2015. (Foto: Stian N. Heggelund)

Den 16. juli 2015 var Sommarbåten til NRK innom Høyanger. (Foto: Stian N. Heggelund)

Storgata går frå kaien og heilt opp til skulen, og følgjer traseen til den opphavlege bygdevegen som var her før 1916.  Langs etter Storgata fann ein fleire viktige fellesfunksjonar og samfunnsinstitusjonar. Her var post, telegraf og butikkar av ulike slag som høyrde heime i eit moderne samfunn.

Parti frå Storgata i Høyanger 27. september 1932. Rett fram ligg posthuset. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen junior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Parti frå Storgata i Høyanger 27. september 1932. Rett fram ligg posthuset. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

12 Sjukehuset

Det nye sjukehuset i Høyanger stod ferdig i 1934, og vart reist med tilskot frå NACo og drifta av Kyrkjebø kommune. Arkitekt var Rolf Sande. Det hadde plass til 40 pasientar då det opna, i 1948 tok fylket over drifta. Sjukehuset vart lagd ned i 1982 etter lang strid. Den gamle sjukehusbygningen er eigd av Høyanger kommune og  er  totalrehabilitert inngår i dag som ein del av eit større kommunalt helse- og omsorgssenter.

Sjukehuset 15. august 1935 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Sjukehuset 15. august 1935 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger sjukehus på 1970-talet. (Foto: HIM.)

Høyanger sjukehus på 1970-talet. (Foto: HIM.)

13 Rådhuset og forretningskvartalet

Høyanger rådhus på 1970-talet. (Foto:HIM)

Høyanger rådhus på 1970-talet. (Foto: HIM)

Rådhuset i Høyanger vart opphavleg bygd i 1956, og var teikna av arkitekt Johan Lindstrøm. Huset vart etter kvart forelda, der mellom anna krav til eit moderne arbeidsmiljø ikkje var stetta. Det vart til slutt bestemt rehabilitere bygningen. Eit ledd dette var å kle det opp med ny fasade i murstein, og sette på ein ny etasje, der kantina på rådhuset no heldt til. Det rehabiliterte rådhuset stod klar til bruk i mars 2015.

Forretningskvartalet i Høyanger med Johan Øren sin butikk i midten 24. mai 1938. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Forretningskvartalet i Høyanger med Johan Øren sin butikk i midten 24. mai 1938. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger hadde i si tid mange butikkar, og var lenge eit viktig handelssenter for omlandet. Det gamle handelskvartalet, som i hovudsak var bygd opp rundt 1930. Måtte utover på 1970-, 1980- og 1990-talet stegvis vike for å gje plass til meir tidsrikte og moderne bygg.

Samvirkelaget i Høyanger 24. mai 1938. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Samvirkelaget i Høyanger 24. mai 1938. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Coop i Høyanger sommar 2015. (Foto: Stian N. Hegglund).

Coop i Høyanger sommar 2015. (Foto: Stian N. Hegglund).

Det velregulerte Høyanger

I 1940 var NACo i Høyanger landets største aluminiumsprodusent. På same tid var Høyanger framstilt som Norges idealby. Bedrifta sin visjon om å få til eit harmonisk og velregulert industrisamfunn var på mange vis komme i mål.

Høyanger sett frå Gråberget rundt 1940. (Foto: Høyanger verk)

Høyanger sett frå Gråberget rundt 1940. (Foto: Høyanger verk)

«Høyanger er vel det yngste av de moderne stedene våre, og uten sammenlikning det vakreste.» (Arbeiderbladet 1939)

«… det er plan over alt som er utrettet i Høyanger. Gatene er perfekte, men aldri kjedelige; rekkebebyggelse et sted avløses av en gruppe villaer anbrakt rundt et lite haveanlegg med rislende springvann i midten. Orden og plan overalt, men samtidig variasjon og skjønnhet … Det er en fabelaktig by.» (Morgenbladet 1937)

Parken august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Parken august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Fodors Guide to Scandinavia frå 1966 gjekk så langt som å kalle Høyanger ein av dei best planlagde og vakraste industribyane i verda.

Høyanger er ikkje åleine om ha ein slik byggeskikk. Denne måten å utvikle bustadområde og industrisamfunn på finn ein igjen andre stader i Norge og elles i verda. Hagebytanken hadde sitt opphav i England og Tyskland, der ein tidleg merka dei negative sidene med den industrielle revolusjonen. I Norge kjenne ein til liknande bustadbygging,  med til dømes Egne Hjem, frå byar som Oslo og frå industristadar som Rjukan, Tyssedal  og Ålvik. Men Høyanger har kanskje det mest heilskaplege og gjennomførte industristadmiljøet som er skapt.

Storgata ned mot Kaien august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Storgata ned mot Kaien august 1939 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Det var NACo som bygde opp det velregulerte bysentrumet i Høyanger frå 1916 og fram til bedrifta gjekk inn i ÅSV-konsernet frå 1967. ÅSV forvalta dette inn i ei ny tid, der dei nye tonane var: «Nytt og betre må til». Noko som medførte at deler av den eldste  bygningsmassen på Sæbøtangen vart sanert. Dei gamle utleigehusværa helt ikkje lenger mål. Dei gamle murbygningane vart erstatta med nye og moderne husvære i tre. ÅSV stod og for ein ny bustadpolitikk, der dei ikkje ville satse på utleigebustader for sine tilsette. Når dei overtok hadde dei 170-180 utleigebustader, dette vart redusert i ÅSV tida. Etter at Hydro overtok frå 1986 vart bustadpolitikken med teneste- og utleigebustader avvikla.  I 2015 sit Hydro igjen med direktørbustaden og Messa med tilhøyrande ingeniørbustader.

Gate 10 (Hans Hygensgate) auhust 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Gate 10 (Hans Hygensgate) august 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Det gamle teneste og forretningskvartalet i sentrum måtte og vike for den nye tid, og meir funksjonelle tidriktige bygningar kom opp. Denne prosessen starta frå 1970 og framover. Først ute var Folkets Hus frå 1917 som vart erstatta med eit nytt og moderne samfunnshus i 1971. Det siste som er igjen er Rådhuset frå 1956, eit bygg som vart  totalrehabilitert i 2015.

Sjølv om nokre av dei  opphavlege bygningsmiljøa er borte er grunnstrukturen i det velregulerte bysentrumet med hus og  gatenett  intakt. Parken er freda, i sentrum står Byporten og Egne Hjem. Det bur folk i dei fleste husa, og Høyanger er såleis eit levande bysentrum.  Framme på Hjetland står skulen og Valhall som viktige monument  frå den tid. Gamle fabrikkporten og administrasjonsbygningen på kaia markerer den gamle innfallsporten til Høyanger.

Høyanger 12. mai 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

Høyanger 12. mai 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

I Høyanger har det fysiske klasseskilje som var eit direkte resultat av NACo sin bustadpolitikk, der folk hadde bustad etter kva stilling husfaren hadde, gradvis forsvunne frå 1960-talet og frametter. Det gamle klassesamfunnet heng nok igjen i fleire av dei som vaks opp her i den tid. Men  klasseskilja i Høyanger har til liks med resten av det norske samfunnet endra seg i takt med tida, og har til dels funne andre skiljeliner og markørar.

Høyanger 21. august 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Høyanger 21. august 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Arkitekt Arild Wåge, som på slutten av 1990-talet gjennomførte ein stadanalyse av industristaden, beskrive Høyanger som eit lærestykke i byplanlegging og bybygging på 1900-talet. Høyanger er framleis eit levande industrisamfunn, der gatene og husa er med på å fortelje historia til industristaden som vaks fram mellom fjorden og dei høge fjella rundt.

Litteratur/Kjelder

Byrkjeland, Martin. 1991. Bluss. Arbeidarar og fagforeining ved Høyanger Verk 1916-1986. Høyanger

Bøyum, Janne Kristin. 2013. Parken – ein hageby. I Årbok Høyanger 2013. Høyanger

Dale, Sjur. 1951. Høyangsfjorden vert Høyanger. I Høyanger Samvirkelag 30 års beretning. Høyanger

Egner, Hjørdis. 2003. Høyanger. «Norges idealby». Arkitektur i Norge. Årbok 2003. Norsk Arkitekturmuseum. s. 92-101. Oslo

Engesæter, Aage. 1979. Høyanger. Utviklinga av industristaden fram til omlag 1945. Sogndal

Ervik, Leif. 1981. Framveksten av industristedet Høyanger. Hovudfagsoppgåve i historie. UiB. Bergen

Førde, Einar. 1990.  Smeltedigelen Høyanger. Oslo

Høyanger historielag. 2012. «Stiftingsmøte» for Høyanger. I : Årbok Høyanger 2012. Høyanger

Høyanger kommune. 1999. Stadanalyse av: Høyanger tettstad – fortetting av bustadområda i sentrum. Høyanger spesial. Nr 1. 99. Høyanger.

Leirnes, Leif. (red) 1978. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik – Band III Bygdesoga. Høyanger

Ljotebø, Gaute. 2008. Høyanger i endring – ein industristad si utvikling sett gjennom fotografiet. Masteroppgåve i historie ved UiB. Bergen

Ljotebø, Gaute. 2012. Gamle Sæbøtangen. I: Årbok Høyanger 2012. Høyanger

Nielsen, Mona. 1984. «Med hjem skal landet bygges». Egne Hjem og hagebybevegelsen i Norge. Utdrag fra boligsakens historie. Hovedfagsoppgave i kunsthistorie ved UiB. Bergen

Timberlid, Jan Anders. 1985. Høyanger ungdomslag 1896-1983. Eit bygde-Noreg på industristaden. Høyanger

Nettstader

http://www.allkunne.no/

http://fylkesarkiv.no/

http://www.kulturminnesok.no/

http://sfj.kulturnett.no/

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s