Category Archives: Generell

Nye opningstider i helgene

Kommenter innlegget

30/08/2021 · 21:11

Sommar 2021

Sommaren 2021 er Høyanger Industristadmuseum ope i tida 1. juni til 1. september. Nytt av året er at Høyanger og museet ein del av satsinga: «Kraftturisme. Opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet». Dette er ei satsing som Høyanger er med i saman med Tyssedal og Lysefjord.

På Høyanger Industristadmuseum kan du få eit innblikk i korleis Høyanger på 1900-talet utvikla seg frå ei lita jordbruksbygd til eit moderne industrisamfunn tufta på vasskraft og produksjon av aluminium. På museet kan du sjå gjenstandar, bilete, modellar, tekst og film som viser denne utviklinga. Frå museet kan du ta ei byvanding i det historiske bygningsmiljøet i Høyanger sentrum.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Kraftanlegg 1, Høyanger

Historia til Kraftanlegg 1 i Kulturminnesøk:

Kulturminnesøk:

https://kulturminnesok.no/minne/?queryString=http%3A%2F%2Fkulturminnesok.no%2Ffm%2Fkraftanlegg-1-med-royrgater-trallebane-og-trapper

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Sommar 2020

Nytt av året er at modellar av gamle bygningsmiljø, Murgården og Samvirkevartalet, er no fast del av utstillinga til Høyanger industristadmuseum i andre høgda. Modellane er laga av Arild Høyvik.

Opninga av den nye utstllinga 25. juni 2020
Samvirkevartalet
Gamle Sæbøtangen med Murgården nærmast.
For å få plass til modellane er krigsutstillinga flytta til trappeoppgangen.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Ny utstilling

25. juni opnar dørene på museet. Arild Høyvik sine modellar av gamle Sæbøtangen og Samvirkekvartalet har no blitt ein del av museet si faste utstilling. For meir informasjon sjå https://www.gunnarsgalleriet.no/.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Sommar 2019

Her er opningstidane for sommaren 2019 for Industristadmuseet og Gunnar S. Galleriet. Det er no samdrift av disse musea, og resepsjonen er i Gunnar S. Galleriet. For meir informasjon, så www.gunnarsgalleriet.no. 

Galleri og museum

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Sommar 2018

Høyanger industristadmuseum opnar for sommarsesongen måndag 25. juni. Museet er sommarope mandag-fredag fram til fredag 17. august.

AD Industristadmuseum v2018_liten versjon

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Museet 20 år

21. juni 1997 vart Høyanger Industistad offisielt opna. Mandag 19. juni 2017 vart dette markert i samband med opninga av sommarsesongen. Ordførar Petter Sortland, dåverande næringsjef i kommunen, informerte om bakgrunnen for etableringa av museet. Dei frammøtte fekk mellom anna sjå ein film frå opninga som Rolf Refsdal tok opp.

Einar Førde og Sverre Erdal

Einar Førde og Sverre Erdal poserer på trappa framfor museet i samband med opninga 21. juni 1997. Einar Førde stod for den offisielle opninga. Medan kultursjef i Høyanger kommune Sverre Erdal var ei viktig drivkraft bak etableringa av museet. (Foto: Aril Gjelsvik)

Museum_20_1

19. juni 2017. Fv: Randi Kvamme, Gaute Ljotebø og Turid Hellem Dale.

Museum_20_2

Ordførar Petter Sortland og kultursjef Anita Nordheim føl med på filmen frå den offisielle opninga.

1997_plakat_red

Plakat frå den offisiselle opninga. Utarbeid av Aril Gjelsvik. (HIM)

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Høyanger Industristadmuseum 20 år

Høyanger Industristadmuseum vart offisielt opna for 20 år sidan 21. juni 1997 av Einar Førde. Dette vil vi markere i samband opninga av sommarsesongen 2017 måndag 19. juni.

Petter Sortland vil stå for opninga av sommarsesongen kl. 15.00. Det vil bli vist ein video frå den offisielle opninga i 1997.  Det vil bli servert kaffi og kaker. Alle som er innom museet mellom kl: 15:00 og 18:00 vil bli med på ein loddtrekning på inngangsbilletten. Premiane er lokalhistoriske bøker. Feiringa vil bli avslutta med ei byvandring. Alt gratis.

Alle velkomne til eit hyggeleg og historisk samvære.

AD Industristadmuseum 2017 annonse_foto

1997_plakat_red

Plakaten frå den offisiselle opninga. Utarbeid av Aril Gjelsvik. (HIM)

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Sommarope 2017

Høyanger Industristadmuseum held sommarope i tida 19. juni til 18. august. Opningstida er måndag – fredag 12:00-15:30.  

Museumplakat_2017

21. juni 1997 vart museet offisielt opna av Einar Førde. Dette vil bli markert i samband med opninga av sommarsesongen måndag 19. juni 2017. Sjå eiga annosering.

Kommenter innlegget

Filed under Generell