Category Archives: Generell

Det første hotellet i Høyanger

Det første hotellet i Høyanger vart reist på tuftene til den gamle husmannsplassen Hagen under Hjetland. Her regjerte enka «Guri i Hagen». Då industrien kom til Høyanger i 1916 bygde ho saman med svigersonen Anders C. Eide opp eit hotell på staden der husa stod. Hotellet bar etter kvart hans namn, men det var Guri Hagen som reiste mesteparten av kapitalen.

sfff-1994100-131235_b

Eides Hotell etter ombygging/utviding i 1921. (Foto: Eugen Nordahl Olsen senior/Fylkesarkivet)

Guri Hagen (Hjetland) (1857-1942) vart tidleg enke då mannen Johannes Øyra (1855-1887), som var jekteførar, drukna i Bergen. Ho fekk skilt ut eit stykke jord frå Øyra (Øren) og Hjetland, slik at ho skulle kunne klare seg. Dette var den tidlegare husmannsplassen Hagen under Hjetland (Hjetland 60/3 Hagen) som vart slått saman med Øyra 59/2.  Då industrien kom til Høyanger nekta ho å selje den vesle jordflekken sin til NACo, men måtte til slutt gi seg. Ho fekk 90 000 kroner for bruket, samt 3 kilowatt elektrisk kraft. Salet gav grunnlaget for hotellet som kom til i 1916.

sfff-1992050-168338_b

Frå venstre Guri Hagen, Andrea «Drea» Eide (søster til A. C. Eide), Hanna Hagen (seinare gift med A. C. Eide), Anders C. Eide, barna hans: Arthur (på armen) og Gertrude (foran), til høgre Johanne Hagen. Hanna og Johanne var døtre av Guri. Johanne vart gift Mosness i Drammen. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet)

Eine dottera til Guri Sigrid (1884-1918) utvandra til Amerika. Der gifte ho seg med Anders C. Eide (1887-1945) i 1911. Han kom frå Bergen, men var opphavleg frå Bygstad. Sigrid og Anders kom attende til Norge i 1914. Då var Sigrid gravid med Gertrude (1914-2005). I 1917 vart sonen Arthur (1917-1954) fødd. Etter at Sigrid døde i 1918, gifte Anders C. Eide seg oppatt med søstera til Sigrid  Hanna (1881-1973) i 1923. Dette var utgangspunktet for familien som eigde og drifta hotellet som bar namnet Eides Hotell.

I starten var det Guri Hagen og Anders C. Eide som eigde hotellet. Etter at dei døde tok Hanna Eide over. Frå rundt 1960 var det dotter til Sigrid og Anders, Gertrude, som stod som eigar.

Gertrude, eller «Baby» som ho var omtalt til dagleg, gifte seg først med Kjell Rønne i 1944. Dei fekk barna Tore, Åse og Arthur-Kjell «Atten». Gertrude skilde seg og gifte seg opp att med Jostein Søreide i 1964. Det er Jostein som er opphavet til namnet Joss Pub. Tore Rønne gifte seg med Else i 1970. Tore og Else  Rønne drifta hotellet i mange år. Gertrude «Baby» Eide Søreide stod som eigar av hotellet fram til ho døde i 2005.

sfff-1994100-121059_b

Johan Øren sin 50-årsdag vart feira på Eides Hotell med familie og kollegaer i 1930. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet)

Hotellet hadde i 1916 15 senger. Det gamle gardshuset til Guri vart bygd inn som ein del av det nye hotellet. Hotellet vart utvida i 1921, 1936 og 1973, og fekk etterkvart 40 senger.

I 2006 kjøpte Roy Solbakken frå Førde Eides hotell. I 2008 selde han det vidare til Frank Ove Ytredal. Hotellet fekk no namnet Høyanger Hotell.

hh_01

I samband med feiringa av 100 års jubileet laurdag 5. november 2016 heldt kultursjef i Høyanger kommune, Anita Nordheim, ein helsingstale. I den samnheng overekte ho ei gåve til hotellet ved eigar Frank Ove Ytredal.

Det tradisjonsrike hotellet har behalde sin historiske stil utvendig. Innvendig er det og mykje historie i veggane. Ikkje minst vegmåleria til Rudolf Krogh i matsalen. Noko som han etter sigande skal ha malt for kost og losji medan han budde på hotellet i samband med at han arbeidde med veggmåleria på Valhall i 1927.

Hotellet har vore, og er framleis, ein viktig sosial samlingsstad for industristaden. Der folk har møttest i både glede og sorg. Folk og familiar har møttest åremålsfestar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferd. Det er ein viktig lokal utelivstad. Hotellet er framleis ein viktig arena for kulturlivet, der helst livemusikk står på plakaten. Ein periode på 1980- og 1990-talet var «Joss Pub» kanskje den mest kjende rockescena i Sogn og Fjordane. Høyanger Hotell med opphav på husmannsplassen Hagen, er eit levande kulturminne som har levd med industristaden Høyanger frå starten av.

Kjelder:
Førsund, Adolf og Førsund, Sigurd. 1963. Bygdebok for Kyrkjebø – Band II. Gardsoga. Høyanger.

Førsund, Adolf. 1995. Bygdebok for Kyrkjebø – Band I. Ættebok for Kyrkjebø. 3. opplag. Oppdatert tillegg til 1994. Høyanger.

Ytre Sogn: Tysdag 8. november 2016

https://foto.fylkesarkivet.no/
Foto frå Høyanger verk sitt fotoarkiv

Kommenter innlegget

Filed under Generell, Historie

Sommarope 2016

Høyanger Industristadmuseum opnar for sommarsesongen måndag 20. juni. Opningstider er  måndag – fredag 12.00-15.30 fram til fredag 20. august.

HIM_Plakat_2016

IMG_1652_blogg

Høyanger Industristadmuseum i Byporten. (Foto: Gaute Ljotebø)

Bustad

Bustadhistorie, i 2.etg

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Sigurd Kloumann

Sigurd Kloumann (1879-1954) stod i spissen og reiste kapital då NACo vart etablert i 1915, og var administrerande direktør i bedrifta i åra 1915-1946. Han er i fleire samanhengar gjerne omtalt som grunnleggaren av det moderne Høyanger. Kloumann hadde sin arbeidsplass ved hovudkontoret i Oslo, men var regelmessig innom Høyanger.

Sigurd Kloumann. (Foto: Notoodden historielag)

Sigurd Kloumann. (Foto: Notoodden historielag)

Kloumann var utdanna ingeniør og er rekna for ein av dei største industrileiarane i Norge tidleg på 1900-talet. Kloumann var aktiv i oppbygginga av Norsk Hydro i frå rundt 1905. Der han mellom anna var ar leiar for utbygginga av Svelgfoss kraftverk og bygging av ein gjødselfabrikk på Notodden. Kloumann planla og leia utbygginga av kraftanlegga og fabrikkanlegga på Rjukan. I Hydro si historie er Sigurd Kloumann rekna som ein pioner innanfor prosjekt leiing. Men han rauk uklar med den sterke mann i Hydro Sam Eyde, og gjekk ut av Hydro i 1912. Etter det var han delaktig i fleire større industriprosjekt mellom anna i Tyssedal og Sauda.  Men det er etableringa av NACO med aluminiumsfabrikk i Høyanger og vidareforedling i Holmestrand som står att som Sigurd Kloumann sitt viktigaste bidrag i norsk industrireising. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Generell, Historie

Høyangersangen

Gjemt mellem Sognefjords villsomme fjelle

Tekst og musikk: TH. Bjørnstad
Utarbeidet for piano av: Frk. Ragna Lassen

Med feiringa av Høyanger sine 100 år som industristad, har Høyanger historielag trykt opp «Høyangersangen». Denne er no til sals ved Høyanger Industristadmuseet for 100 kr.

Else Indrebø Finn med signert utgave av Høyangersangen (foto: Gaute Ljotebø)

Else Indrebø Fyhn med den signerte utgåva av «Høyangersangen» (foto: Gaute Ljotebø)

Else Indrebø Fyhn, som nå bur på Raufoss, men vaks opp  i Høyanger på 50-60 talet,  har lånt ut ei signert originalutgåve av «Høyangersangen» frå opphavsmannen Thorleif Bjørnstad. Denne vart kjøpt av svigersonen hennar på en auksjon på Toten for 50 kr. Denne vil i sommar bli utstilt ved Høyanger Industristadmuseum.

«Høyangersangen» i signert orginalutgåve til høgre. Til venstre  er den nyopptrykte utgåva som er til sals ved Høyanger Industristadmuseum (Foto: Gaute Ljotebø)

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Fotoutstilling i Trappene

I 2015 var det ei fotoutstilling i trappene i Høyanger. Her er nokre av bileta som var utstilt og innformasjon om  trappene, røyrgatene og trallebana. Desse var på kvar sin måte viktige for høyangersamfunnet. 

Kulturminnesøk: Trappene  

Youtube: Trallebana i Høyanger

IMG_8644_BL

Fotoutstillinga startar ved foten av trappene. (Foto: Gaute Ljotebø/HIM)

IMG_8629_BL

Utsikt mot Høyanger, 2015 og 1947. (Foto: Gaute Ljotebø/HIM)

Røyrgatene

Arbeidet med røyrgatetraseen starta opp i 1916. Røyrgata som ligg lengst vekke frå trappene tok vatn frå Grimsosen/Bergsvatn til Kraftstasjon 1 ved fabrikken, og vart montert i 1917. Røyrgata som ligg nærast trappene tok vatn frå Breidalen, og vart montert i 1921. I samband med ei modernisering og nye kraftutbyggingar vart den gamle Kraftstasjon 1 sett ut av drift i 1979. Dette medførte at røyrgatene vart kutta like over vegen, og det vart laga tunnell ned til Kraftstasjon 5, som ligg inne i fjellet. På midten av 1990-talet vart det laga nye tunnelar i fjellet i lia frå like under Siplo og ned, og røyrgatene vart sett ut av drift.

(Foto: Einar Helgesen/Hydro Høyanger)

Bygging av røyrgate i 1917. (Foto: Einar Helgesen/Hydro Høyanger)

HK_KMF_GLJ_Royrgate_99_BL

Utsikt mot Høyanger våren 2015. (Foto: Gaute Ljotebø)

Pipelines

The work with the pipelines started in 1916. The pipeline that is furthest away from the stairway took water from Grimsosen/Bergsvatn to a hydroelectric power station at the factory. This pipeline was mounted in 1917. The pipeline closest to the stairway was mounted in 1921, and took water from Breidalen. The pipelines were put out of use in the mid-1990s, when tunnels were made down to a power station inside the mountain.

Folk til fjels med tralla i 1947. (Foto: Ernst Shwitters/Hydro Høyanger)

Folk til fjels med tralla i 1947. (Foto: Ernst Shwitters/Hydro Høyanger)

Tralla

Tralla var fram til fjellvegen kom i bruk tidleg på 1960-talet, den beste måten å komme seg opp til fjellområdet ved Siplo for folk i Høyanger. På midten av 1950-talet var det plass til 18 personar på tralla med ski og ryggsekkar. På ein travel føremiddag var det kanskje over 1000 menneske som skulle til fjells, og da var det kø i trallestasjonen, og mange gjekk difor trappene i staden.

The Trolley

The trolley was the best way to get up to the mountain area for people in Høyanger until the road came into use early in the 1960’s. In the mid-1950’s, the capacity on the trolley was 18 people including equipment such as skis and backpacks. On a busy day there could be over 1000 people one their way to the mountains, and they could be expected to wait in a line. Instead of waiting, many people preferred to use the stairs.

Ved enden av trappene. (Foto: Gaute Ljotebø/HIM)

Ved enden av trappene. (Foto: Gaute Ljotebø/HIM)

Kommenter innlegget

Filed under Generell

1. mai 2015 i Høyanger

Som vanleg var det godt oppmøte på 1. mai i Høyanger. Hovudarrangementet var på Bytorget der museet hadde ope med mykje besøk. I høve 100-årsjubileet var det i år mønstra to hovudtalarar. Ingrid Heggø frå Høyanger og Arbeidarpartiet og mangeårig bystyrerepresentant for partiet Raudt i Bergen, Torstein Dahle.

Hovudparola i år var; «Begrens krafteksport og nettleige – BRUK KRAFTA HER!» Dette var eit tema som begge talarane tok tak i. Eit anna tema som begge var innom var distriktpolitik. Torstein Dahle oppsummerer kombinasjonen industri- og distriktspolitikk greit. Det er der produksjonen skjer at verdiskainga er. På stader som Høyanger, og ikkje i Oslo. Ingrid Heggø var bekymra for at politikken til Høgre/FrP-regjeringa ville demontere Sogn og Fjordane fylke.

Folket samla på Bytorget.

Folket samla på Bytorget.

Ingrid Heggø held sin tale medan Torstein Dahle følger med i bakgrunnen.

Ingrid Heggø held sin tale medan Torstein Dahle følger med i bakgrunnen.

Hovudtoget på veg nedover Hans Hygen gate.

Hovudtoget på veg nedover Hans Hygen gate.

Fagforeningens musikklag spelar.

Fagforeningens musikklag og Høyanger skulemusikk spelar.

Nokre av parolane.

Nokre av parolane.

Asylsøkar i Høyanger, Ahmad Hannoura frå Syra, som nettopp har fått opphaldsløyve i Noreg.  Heldt ein appell, der temaet i hovudsak var kortare ventetid i saker som vedkjem asylsøkarar.

Asylsøkar i Høyanger, Ahmad Hannoura frå Syria, som nettopp har fått opphaldsløyve i Noreg. Heldt ein appell, der temaet i hovudsak var kortare ventetid i saker som vedkjem asylsøkarar.

Torstein Dahle på talarstolen.

Torstein Dahle på talarstolen.

Ingrid Heggø på talarstolen.

Ingrid Heggø på talarstolen.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Kulturskift på museet

Høyanger Industristadmuseum var delaktig i kulturskift som Høyanger kommune arrangerte mandag 30. mars 2015. På museet var det foredrag med Jan Anders Timberlid, det var byvandring og utstilling av gamle bilar framfor museet. I samfunnshuset vart den nye modellen av samvirkekvartalet som Arild Høyvik har laga presentert i ei eiga utstilling, «Det gamle Høyanger».

Arild Høyvik til høgre framfor modellen som han har laga. (Foto: Gaute Ljotebø)

Arild Høyvik, til høgre, framfor modellen av samvirkekvartalet. (Foto: Gaute Ljotebø)

Medforfattar av den kommande allmennsoga Jan Anders Timberlid helt eit foredrag med tema, «Høyanger – ein studie verd?». Det var det heilt klart, for filmkroken var heilt full, og vel så det. Rundt 35 personar hadde pressa seg inn. Dei frammøtte fekk eit flott foredrag med mange fine bilete av både Eugen Nordahl-Olsen og Anders Fimreite.

Jan Anders Timberlid med ryggen til held foredrag, medan Anders Berge, fremst til venstre kom med innspel.

Jan Anders Timberlid med ryggen til held foredrag, medan Anders Berge, fremst til venstre kom med innspel.

Det var så mykje folk at alle ikkje fekk plass i filmkroken.

Det var så mykje folk at alle ikkje fekk plass i filmkroken.

Ein av tilhøyrarane, 89 år gamle Anders Berge, var aktiv med og kom med fleire flotte innspel frå første benk under foredraget. Når temaet om riving kom opp, skar han til kjend stil, om at det var heilt greitt at dei i si tid reiv Slottet. Som røyrleggar på NACO hadde han vore innom der mange gonger. Dette var ikkje noko bygg å samle på. Noko som resten av tilhøyrarane ikkje var heilt einige i.

Med utgangspunkt i museet var det og arrangert byvandring i to omgangar.  Diverre kom det ei kraftig sluddbye som amputerte siste del av den andre byvandringa. Men det er slikt ein må rekne med på ein stad som er tufta på vasskraft.

Framfor museet var det og oppstilt fire veteranbilar frå 1950- og 1960-talet. To av dei med historie frå Høyanger. Rolf Rødahl eig den gamle direktørbilen til NACO som Gudmund Hegstad i si ti nytta, ein Mercedes 190 1956 modell. Direktør Heggstad køyrde ikkje bilen sjølv, i den tid hadde han pivatsjåfør med uniform. Randi Refsdal og Svein Rune Fossen har fått tak i den gamle sjukebilen til Høyanger sjukehus, ein  Mercedes1954 modell. Denne hadde i si tid far til Randi, Rolf Refsdal, og ominnreidde den til personbil. Etter at den ein periode har vore ute av familien si eige, er den no attende i Høyanger.

Bilane frå venstre Ford Fairlaine 1963 mod. (Frank Solvorn), Mecedes 190 1956 mod (Rolf Rødahl), Mercedes 1954 mod (Rani Refsdal og Svein Rune Fossen), Opel Kaptein (Magne Solvorn). (Foto: Gaute Ljotebø).

Bilane frå venstre Ford Fairlaine 1963 mod. (Frank Solvorn), Mecedes 190 1956 mod (Rolf Rødahl), Mercedes 1954 mod (Rani Refsdal og Svein Rune Fossen), Opel Kaptein (Magne Solvorn). (Foto: Gaute Ljotebø).

Mercedes 190 1956 modell, gamle direktørbilen til NACO. (Foto: Gaute Ljotebø)

Mercedes 190 1956 modell, den gamle direktørbilen til NACO. (Foto: Gaute Ljotebø)

HIM_30_mars_bil_5

Den gamle sjukebilen til Høyanger sjukehus ein Mercedes 1954 modell. Bilen som Rolf Refsdal i si tid kjøpte og ominnreide til personbil. (Foto: Gaute Ljotebø)

I samband med kulturskift var det laga til ei utstilling i diskoteksalen der den nylaga modellen av samvirkekvartalet til Arild Høyvik, vart offentleg presentert for første gang. I tillegg var og sæbøtangmodellen, som har stått oppe i biblioteket, flytt ned her. Som ei ramme rundt modellane er det hengt opp mange foto og nokre kart frå gamle Høyanger.

I samband med opninga fekk Arild Høyvik mykje velfortent skryt for arbeidet med modellane. Dei vekker mange minner hos dei som levde liva sine i Høyanger før desse bygningane vart rivne på 1970 og 1980-talet. For av oss som er yngre eller kjem utanfrå, hjelper modellane oss til å få eit betre innblikk i historia til det gamle høyangersamfunnet. Modellane åleine er vel verdt eit Høyanger besøk i jubileumsåret. Utstillinga «Det gamle Høyanger» vil stå ei stund framover.

HIM_30_mars_M_7

Dei frammøtte disukterer og beundrar modellane til Arild Høyvik. (Foto: Gaute Ljotebø)

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Ny bok frå Høyanger

Framside_HTH

I samband med grunnlovsjubileet har Høyanger kommune gjeve ut boka. Frå Holck til Heggø. Det norske demokratiet 1814-2014 sett frå Høyanger. Boka vart lansert under feiringa av grunnlovsjubileet på Alværn i Lavik 29. juni 2014. Eit besøk i verda til Ole Elias Holck.

«I 1814 var eidsvollsmannen Ole Elias Holck aktivt med å utforme § 1 i den norske Grunnlova. I 2014 var stortingsrepresentant Ingrid Heggø med på å kjempe fram ein nynorsk versjon av Grunnlova. I mellomtida har Lasse Ellingsen, Edvard Liljedahl, Lasse Trædal og Ivar Norevik vore stortingsrepresentantar frå det som først var Lavik Prestegjeld, og som no er Høyanger kommune. Kven dei var, og noko av det dei har gjort, kan du lese om i denne historiske framstillinga om det norske demokratiet sett frå Høyanger.»

Boka kostar 200 kr og kan kjøpast hos Høyanger Bok og Papir og Høyanger Industristadmuseum.

Forfattar Geir Sørebø fortel om Ole Elias Holck ved minnestøtta på Alværa. (Foto: Gaute Ljotebø)

Ingrid Heggø, til venstre, la på krans på minnestøtta.

Ingrid Heggø, til venstre, la på krans på minnestøtta. (Foto: Gaute Ljotebø)

Kommenter innlegget

30/06/2014 · 17:08

Velkomen til Vasskraftmuseet

Høyanger Industristadmuseum vil stå for drift av Vasskraftmuseet i 2011. Grupper og andre interesserte kan henvende seg til industristadmuseet for å bestille museumsbesøk i sommar og utover hausten. Innafor museet sine opningstider kan ein bestille pr. tlf 57712775. Utanom opningstida kan ein ringe til 57711500 (Sentralbord Høyanger kommune).

Vasskraftmuseet i Høyanger vart etablert i 1986, og er å finne i den gamle Kraftstasjon I inne på verksområdet til Hydro (Leira Næringspark). Den gamle kraftstasjonsbygningen er frå den første tida med industrireising i 1916-1917.

Utstillinga i museet viser vasskrafthistoria og kraftutbyggingane frå 1916 og fram til rundt 1980. Den sentrale delen av utsillinga er eit av dei opphavlege aggregata med turbin og generatorar som var å finne i kraftstasjonen. Elles er her mykje utstyr og verkty frå  tida kraftstasjonen var i drift. I tillegg er her bilete og gjenstandar som viser andre sider avHøyanger si industrihistorie.

Likestraumsgenerator og turbin.

Steinar Østerbø viser korleis vassregulatoren inn på turbinen fungerte.

Smørarane sitt utstyr.

Eugen Nordahl-Olsen senior sine fotoapparat. Han var teknisk teiknar og NACO sin faste fotograf frå 1919 til rundt 1950.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Open dag på Vasskraftmuseet

Vasskraftmuseet i Høyanger vart etablert i 1986. Museet er lokalisert i den gamle Kraftstasjon I bygd i 1917, og ligg inne på verksområdet til Hydro (Leira Næringspark). Pga renovasjonsarbeid på bygget har det ikkje vore ope for omvising ein periode. Laurdag 2. juli vert det endeleg tilgjengeleg igjen for publikum 25 år etter at det vart opna første gongen.

Høyanger Industristadmuseum vil stå for drift av museet i 2011. Grupper og andre interesserte kan henvende seg til industristadmuseet for å bestille museumsbesøk i sommar og utover hausten. (Tlf 57712775/57711500)

Laurdag 2. juli startar vi opp med open dag i mellom 12:00 – 15:30. Besøkande kan møte opp i porten til Hydro (Leira Næringspark), der ein guide vil hente dykk kl: 12:00, 12:30, 13:30, 14:00, 14:30 og 15:00. Det er gratis inngang. Aldersgrense for å sleppe inn på verksområdet for barn er 10 år. I samband med denne hendinga vil det og bli enkel servering.

Denne dagen vil det bli omvising med Steinar Østerbø, som i si tid stod i spissen for etableringa og oppbygginga av Vasskraftmuseet. Han var og den siste maskinmeisteren på Kraftstasjon I når den vart nedlagt i 1979. 

Den sentrale delen av utsillinga er ein av dei opphavlege aggregata med turbin og generatorar. Elles er her mykje anna utstyr og verkty frå  tida kraftstasjonen var i drift. Utstillinga elles viser vasskraftutbyggingane i Høyangerfjella frå 1916 og fram til rundt 1980 vist via kart og bilete.  I tillegg er her ein del andre gjenstandar og bilete og  som viser andre sider av industrihistoria i Høyanger.

Kommenter innlegget

Filed under Generell