Category Archives: Historie

Kino i Høyanger – 100 år

HIM_FH_Billett004_HIM_Blogg

Billett Folkets Hus Kino. (HIM)

I 100 år, med korte avbrot, har det vore faste kinoframsyningar i Høyanger. I åra 1917 til 1986 var det Folkets Hus Kino som stod for drifta. Frå 1987 har kinoen vore i kommunal regi ved Høyanger Kommunale Kino. Kinoen har vore eit viktig kulturtilbod for folk på industristaden. Ikkje berre for filmopplevinga sin del, men og for sosialt samvær. Kinoen hadde si stordomstid i talet på publikum på 1940- og 1950-talet. I desse åra var det årleg frå i underkant av 40 000 til over 60 000 besøkande på kinoen årleg. 

Av: Gaute Ljotebø

Folkets Hus Kino 1917 – 1986

Oppstarten

SFF-91017_FH-kino_ks_0002_red

Utsnitt av svar frå Kyrkjebø kummune til Folkets Hus byggekomite. (Fylkesarkivet)

25. oktober 1916 sende «Høyanger Fellesorganisasjon Folkets Hus byggekomité» ein søknad om å drive offentleg kinematograf til Kyrkjebø heradsstyre (kommunestyre). Den 7. desember 1916 gjorde kommunestyret eit samrøystes vedtak om å gje dei løyve til å drive kino i Høyanger, for i første omgang 3 år. Dette mot at kommunen fekk 10 % av bruttoinntekta. Dei var ikkje åleine om å ville drive kino, for på same møtet fekk A/S Kinografen, og omtalt som den private kinoen, med politibetent Kjær i spissen, også løyve. Dette med 10 mot 5 røyster på same vilkår.

Folkets Hus var på dette tidspunktet under planlegging, og dei hadde ikkje lokale tilgjengeleg for kinodrift. Dei hadde heller ikkje filmframvisar. På eit fellesmøte mellom fagforeiningane vart det 15. desember 1916 vedteke å sette i gang med kinodrift så raskt som mogeleg. Samstundes vart det vedteke å sende ein mann til Kristiania (Oslo) for å kjøpe filmframvisar. I tillegg vart det gjort samrøystes vedtak om å boikotte den private kinoen.

Høyanger 1. august 1917 (Foto: Einar Helgesen/Høyanger verk)

Blokaden gjaldt frå januar 1917, og fungerte etter intensjonen.  Den 14. mars 1917 inngjekk Fellesorganisasjonen ein leigeavtale med den private kinoen, om å nytte deira forsamlingshus på Sæbø/Sæbøtangen til kino. Fagforeiningane ved «Folkets hus byggekomité» dreiv kino her fram til dei flytte inn i storsalen på det nybygde Folkets Hus mot slutten av 1917. Folkets Hus Kino kom no inn i eiga storstove. Billettprisane var i 1917  50 øre for vaksne og 25 øre for barn under 15 år.

Stumfilm

Dei første åra var det stumfilmen som rådde. Kinoen hadde ein periode abonnement med filmutleigebyrået Fotorama og leigde ein film i veka for 30 kr. Filmen vart køyrd med to framsyningar i veka, laurdag og søndag. Sjølv om kinoen på denne tid truleg var relativt bra besøkt, var det ikkje nokon god butikk. I 1921 spela den inn 10 000 kr i bruttoinntekt. Av dette gjekk 8 500 til filmleige, frakt med meir. 1 500 kr var då igjen til å dekke husleige og vedlikehald.

SFFf-1993360.129456_red

Folkets Hus 1937. (Eugen Nordahl-Olsen sen/Fylkesarkivet)

Filmrepertoaret bestod mykje av underhaldningsfilm av det lettare slaget. Spesielt westernfilmar var populære. Men det stod og meir avanserte filmar på plakaten. I 1927 gjekk mellom anna den filmhistoriske klassikaren Metropolis. Det var ikkje berre underhaldning og drama som blei vist. I 1924 gjekk filmen Kvindens Hygiene.  Dette var ein film i folkeopplysninga si tenesta. Der «… kjønsorganerne og deres funktioner» var eit  tema, noko som nok var ei medverkande årsak til at det var avskilde framsyningar for menn og kvinner.

Fram til byrjinga på 1930-talet var filmane utan lyd, og dei vart akkompagnert med levande musikk. Kinoen tilsette tidleg fast pianist og fiolinist. I avisa Sogningen 2. desember 1919, kan ein lese at ein film var så dårleg at den ikkje burde vore vist. Men musikken fekk skryt: «Denne blev meget dyktig framført av frk. Strøm og herr Hagen. I en mellemagt spillet ogsaa disse to et stykke for piano og violin». Musikarane fekk 7 kr for kvar framsyning, noko som dei syntest var i minste laget. Likevel var kinomusikken ei dyr utgift, og i ein periode då kinobesøket var lågt, måtte styret i Folkets Hus seie opp fiolinisten. Dette var i 1926. Fiolinisten Einar Hagen tok avgjersla med fatning, dette var noko han hadde forventa. Men han gav beskjed om at han måtte få melding om når det skulle settast opp dramatiske filmar «…som særlig krever fiolinmusikk.»

Amy Zetterberg fortel:

«Kinoforestillingene var selvsagt populære. Det var stumfilm i 20-årene. Filmen ble ledsaget av levende musikk, utplukket spesielt for hver enkelt film. Før forestillingen var det alltid prøvekjøring av filmen og prøveuttaking av musikk. Ola Jensen og Viktor Nilsen skiftes om å kjøre filmene. Hagen i Villabyen og Alfred Forsberg spilte hhv. fiolin og piano. Grønstad, Ieder av fagforeningens hornmusikk, spilte også noen år. Et år var det en dame fra Trondheim, frk. Risan som satt ved pianoet. De siste år før lydfilmen kom, spilte Trygve Norgren piano. Medlemmer av fagforeningens styre og dets tillitsmenn skiftes om å være bilettkontrollører. Mine foreldre satt som regel i billettluken. Under alle prøveinnspillingene kunne jeg gå og komme som jeg ville. I ensom majestet eller sammen med min lillesøster disponerte jeg da salen alene. Selv om kinobilletten var billigere de dager, var det mange barn som ikke hadde inngangspenger. Det sto som regel en liten flokk unger ved inngangsdøren med håp om at en eller annen skulle spandere billett på dem eller at billettkontrolløren skulle slippe dem inn. Det var særlig Viktor Nilsen og Nils Amble som hadde medynk med ungene og slapp dem inn i stillhet etter at det var blitt mørkt I salen. Hvis billettkontrolløren var av den hårdhjertede typen, hendte det at de minste ungene ble trukket inn gjennom billettluken og forsiktig sluppet inn i den mørke salen. Det var bare de mest spelemmede som kom gjennom Iuken. Min mor fortalte meg mange år senere at hun aldri kunne glemme den såre gråten til en gutt som hadde vokset seg for stor og ble sittende fast i Iuken.

En ting jeg husker med vemmelse fra de første årene var alle spyttebakkene som ble satt fram foran benkene. De var hvitemaljerte, dekket av et lokk med hull i. De var svært lite populære blandt de fleste publikumere, som imidlertid snart lærte seg hvem de ikke skulle sitte ved siden av under forestillingen. Det hendte at de værste spytterne fikk sitte alene på benken. Heldigvis ble det snart slutt med spyttebakker. Det kom istedet opp plakater om at spytting på gulvet var forbudt.»

Lydfilm

Den første lydfilmen var The Jazzsinger, som vart vist første gang i USA i 1927. Den første lydfilmen som vart vist i Noreg var The Singing Fool, som hadde première på Eldorado kino i Oslo 18. september 1929.

Hausten 1931 fekk Folkets Hus tilbod frå NACO om at dei ville kjøpe inn ein filmframvisar for lydfilm, som dei ville plassere på Folkets Hus Kino. NACO sette som krav om at dei ville ha ein representant i kinostyret. På representskapsmøtet til Folkets Hus 31. oktober 1931 syntest dei fleste at dette var ei rimeleg ordning. Eit medlem var bekymra for at årsaka til at bedrifta ville ha ein representant i styret, var for å bestemme kva filmar som vart sett opp. Representantskapet til Folkets Hus godkjende til slutt avtalen med 16 stemmer.

FRa_Divalo_HA-16-12-1931_red

Annonse på den første lydfilmen. (Høyanger Avis 12. desember 1931)

Torsdag 17. desember 1931 var det premiere på den første lydfilmen på Folkets Hus Kino i Høyanger. Filmen som var vist var Fra Divalo. Til denne framsyninga vart det selt 136 billettar. Dagen etter gjekk den svenske talefilmen Makurells Vadkøping. Her vart det selt 114 billettar. Begge filmane var og sett opp søndag 20., men vart avlyst. Årsaka var for dårleg spenning. Helga etter var Intet nytt frå vestfronten sett opp. Denne filmen vart avlyst og sett opp seinare. Lydfilmen fekk ikkje noko god start i Høyanger. Men dette var framtida, og ein moderne industristad måtte jo ha lydfilm.

SFF-91017_FH-kino_inntektsbok-1931-1936_0014 – Kopi

Utdrag av inntektsbok for Folkets Hus Kino 1931-1936 (Fylkesarkivet).

I 1931 vart det sett opp 60 filmar som gjekk over til saman 113 førestillingar. Torsdag og søndag var faste dagar, men det hende det var kino på fredagar og laurdagar og. Billettprisen var på 1 kr for vaksne og 40 øre for barn. Talet på framsyningar og publikumstalet auka på utover på 1930-talet. No kom det også til nokre fargefilmar.

I 1939 vart det sett opp 106 filmar som gjekk over 316 førestillingar. Dette året vart det selt 47 335 billettar, og det var ei samla omsetning på  41 234,20 kr. No var det framsyningar fleire dagar i veka, og gjerne med to eller fleire for dagen. Dei 3 mest sette filmane dette året var alle norske. Elis Sjursdatter 1 101 selde billettar, Hu Dagmar 1085 og Ungen 1 035. For fleire filmar vart det sett opp eigne barneframsyningar. Ein av desse var Lille Willy Winkie. På denne framsyninga vart det selt 36 vaksenbillettar og heile 377 barnebillettar, til saman 413. Det må ha vore trongt på Folkets Hus den dagen. Til opplysing vart det rekna 260 sitteplassar i Folkets Hus storsal.

Krigen

Gjest Baardsen

Filmplakat Gjest Baardsen (http://www.filmweb.no)

Under krigen 1940 – 1945 gjekk kinodrifta stort sett som normalt. Av naturlege årsaker vart alle kinoframsyningar i tida like etter 9. april 1940 avlyste. Den første filmen som var sett opp etter dette var Gjest Baardsen. Denne gjekk over 9 framsyningar 1.- 5. juni 1940 med eit samla besøkstal på 1 978, av desse var 1 529 vaksne og 449 barn. Med dette er Gjest Baardsen truleg den best besøkte filmen i Høyanger. Særleg om ein tek med at den gjekk i reprise i 1944. Då med til saman 1 092 besøkande. På den eine barneframsyninga vart det seld 136 vaksenbillettar og heile 312 barnebillettar, til saman 488.

Fimreportoaret var noko avgrensa i det tyskokkuperte Noreg under krigen. Det vart mellom anna ikkje vist amerikanske og engelske filmar. Repertoaret bestod for det meste av nordiske og europeiske filmar, eit utval av filmar som den tyske sensuren kunne godta. Dei mest populære filmane var dei norske. Under krigen gjekk det forutan Gjest Baardsen også godt besøkte filmar som Tante Pose, Vigdis og Den forsvunnede pølsemaker. Det gjekk og nokre tyske filmar. Dei fleste av desse var heller dårleg besøkte. På fleire av desse filmane kom tyske soldatar inn til reduserte prisar.

SFF-91017_FH-kino_inntektsbok-1939-1954_0035

Utdrag av inntektsbok kino Folkets Hus (Fylkesarkivet)

Sjølv om repertoaret vart sensurert i krigstid, var kinoen særs godt besøkt. I 1944 var det sett opp 116 filmar over 316 framsyningar. Truleg var det dette året over 60 000 besøkande innom kinoen på Folkets Hus. Billettprisane auka i krigsåra. Frå mai 1942 kosta ein vaksen billett 1 krone og 30 øre og ein barnebillett 50 øre. Vaksenbilletten steig til 1 krone og 50 øre i 1944. Under krigen var kinoen eit særs viktig kulturtilbod i Høyanger. Kinoen på Folkets Hus var ein stad folket kunne møtast i ei vanskeleg tid, då tilgang på kulturtilbod var avgrensa.

1945 – 1971

far til fire

Filmplakat til far til fire på landet. (https://upload.wikimedia.org/wikipedia)

1940-talet og 1950-talet var kinoen si stordomstid i Høyanger. Dei første etterkrigsåra var kinoen og særs godt besøkt, med godt over 50 000 besøkande årleg. Utover 1950-talet gjekk talet på kinogjengarar noko ned. I april 1956 steig vaksenbilletten til 2 kr. Kanskje det var noko av årsaka til at kinobesøket dette året var på 39 307. Det steig til over 40 000 igjen åra etter, men det markerte ein tendens.

På byrjinga av 1960-talet var talet på kinogjengarar på rundt 35 000. Sjølv om besøkstala gjekk ned, og var litt ujamne frå år til år, var kinoen framleis ein sentral kulturformidlar i Høyanger. Særleg for barn og ungdom. På 1950- og 1960-talet var «alle» i denne gruppa på kino. Det var ein viktig del av den ny ungdomskulturen som vaks fram. Ein ungdomskultur med sterk inspirasjon frå USA. Der nettopp filmen var ein viktig påverkar. 10.- og 11. oktober 1956 gjekk den legendariske filmen Rotløs ungdom (Rebel Without a Course) med James Dean i hovudrolla. På denne filmen vart det løyst til saman 418 vaksenbillettar. Godt besøkt, men ikkje den mest sette dette året. Det var filmen som gjekk nokre dagar seinare 14.- og 15. oktober: den danske familiefilmen Far til fire på landet. Til denne filmen vart det selt  425 vaksenbillettar og 489 barnebillettar, til saman 914.

Jordanger

Utdrag av det som Ingvard Jordanger skreiv i Sogn Dagblad sitt julenummer 1990.

Sjølv om det var dei amerikanske filmane som dominerte marknaden, var dei norske filmane framleis populære, men og andre filmar var godt besøkte. Ingvard Joranger fortel at den russiske eventyrfilmen Stenblomster gjorde inntrykk på fleire i 1947.

Jordanger fortel og litt om livet rundt kinoen. Der kampen i køa for å få gode plassar på kinoen var sentral. Ei anna side var, for dei unge og håpefulle, å snike seg på vaksenkino. Kanskje ikkje alltid like lett i eit tett industrisamfunn der «alle kjende alle». Dette er noko som fleire kan fortelje om. Kampen i køa og snikinga var ein tradisjon som heldt seg så lenge det var kino i gamle Folkets Hus. Filmframsyningane var overvaka av den myndige vaktmeisteren og kinomaskinisten på Folkets Hus Per Bruflat. Han stod gjerne på balkongen i storsalen i lagerfrakken sin og såg over forsamlinga. Vart nokon oppdaga for sniking eller fann på noko tull, var det rette ut. Pengane fekk dei ikkje tilbake.

Gamle ærverdige Folkets Hus gjekk etter kvart ut på dato som kinolokale. Det var og også umoderne på andre vis. Folkets Hus hadde lenge hatt planar om eit nytt bygg. Mot slutten av 1960-talet gjekk dei i samarbeid med kommunen  om å bygge eit nytt moderne samfunnshus på tomta til Folkets Hus. Huset vart rive mot slutten av 1969. Siste året med filmframsyning på Folkets Hus var det 19 269 besøkande fordelt 179 filmframsyningar og 103 filmtitlar.   Kinoen vart ein kort periode drive på Valhall fram til det nye samfunnshuset stod klar.

Av dei to gamle kinomaskinene som var i bruk på Folkets Hus, hamna ei i Solund og ei på Lavikdalen.

SFF-91017_FH-kino_reklame_0044

Filmomtale til filmen Vill er vinden som gjekk på Folkets Hus Kino 8-9. april 1959. (Fylkesarkivet)

1971 – 1986

HIM-HOK_A05_P_0040_FB

Samfunnshuset i Høyanger tidleg på 1970-talet (HIM)

Måndag 15. november 1971 var det offisiell opning av det nye samfunnshuset i Høyanger med ein topp moderne kinosal med 231 sitteplassar. På programmet denne dagen stod først filmen Kjeltringer og diamanter, ein film for vaksne med billettpris på 5 kr. Torsdag 18. november gjekk filmen Apachenes Høvding med billettpris 2 kr for barn.

På 1960-talet kom fjernsynet som ein konkurrent til kinoen i Noreg. Dette 10 året var eit tiår med stor nedgang i kinotalet på landsbasis, noko som og gjorde seg gjeldande i Høyanger. På byrjinga 1970-talet var fjernsynet å finne i dei fleste heimane på staden. Likevel var kinoen framleis relativt godt besøkt. Kinoen var framleis eit viktig kultur- og fritidstilbod for barn og ungdom i Høyanger. Kinobesøket var på midten av 1970-talet stabilt på i overkant av 20 000 besøkande. Toppåret var 1976 med 23 821 fordelt på 117 filmtitlar og 153 framsyningar.

Kinomaskinisten var lønna. Arbeidet hans omfatta ikkje berre sjølve framsyninga. Det medførte og ein del før- og etterarbeid. Filmen måtte hentast og bringast ned på kaien, rullar måtte spolast opp før og etter framsyning.

Johnny Nygård byrja som kinomaskinist for Folkets Hus kino som 14 åring i 1973.  Han fortel at det å køyre kino var litt spesielt. «Det sat masse folk i salen og du var nervøs for at det skulle gå gale, og det gjorde det jo fleire gongar. Det hadde jo med kvaliteten på filmen å gjere. Det kunne vere ein gamal film vi fekk som var slitt, og da rauk dei veldig fort og det var mykje styr. I begynnelsen var ein jo nervøs for dette her da, eg hadde jo kjentfolk nede i salen.  Ein gong filmen rauk og det blei heilt svart, var det ein som skreik;  Johnny ka er det du drive med nå! Da fikk jo alle vite at det var meg.» Etter kvart vart han meir dreven og kava seg ikkje fullt så mykje opp. Johnny Nygård var ein av fleire kinomaskinistar fram til mot slutten på 1980-talet.

SD_8_nov_1985

Førstesida på Sogn Dagblad 8. november 1985.

Kinodrifta var lenge ei god og stabil inntektskjelde for Folkets Hus. På byrjinga av 1980-talet gjekk besøkstala på kinoen drastisk ned. I 1981 var det registeret 15 369 besøkande, i 1982 10 813, i 1983 8 974. I følgje Sogn Dagblad var det i 1984 3 650 kinogjengarar og i 1985 om lag 3 000 besøkande på kinoen. Kinoen hadde no fått ein stor konkurrent i videoen. Folk kunne leige videokassettar med filmar lokalt i Høyanger, som dei kunne sjå heime på sitt eige fjernsyn.

Å drive kino medfører ein del kostnader med leige av film. Utanom kinomaskinisten var kinodrifta i stor grad driven på dugnad med organisering, annonsering billettør og kinovakt. Når kinointeressa gjekk ned og overskotet uteblei, fann Folkets Hus det mest tenleg å legge ned kinodrifta. 3. november 1983 sa Folkets Hus opp avtalen om kinodrift med Høyanger kommune med eitt års oppseiingstid. Medan Høyanger kommune områdde seg, tok dei på seg å drifte kinoen mellombels ein periode mot økonomiske tilskot frå kommunen. Men i april 1986 var det slutt for Folkets Hus kino.  Den siste kinoen var tysdag 29. april med filmen Lassiter.

Martin

Martin_An

Annonse i Sogn Dagblad 10. januar 1981.

Store delar filmen Martin vart spelt inn i Høyanger sommaren 1979. Søndag 11. januar 1981 var det urpremiere i Høyanger. I følgje Sogn Dagblad var det rundt 800 som trassa det dårlege vêret og gjekk på ein av dei tre framsyningane den dagen. Det beste kinobesøket sidan Flåklypa Grand Prix på midten av 1970-talet. Martin er regissert av Reidulf Risan med Bjørn Skagestad i hovudrolla. Filmen omhandlar sladder og rykte i ein liten vestlandsby, der hovudpersonen læraren Martin blir skulda for å vere homoseksuell. Høyanger er kulissa for handlinga i filmen.

I omtale av filmen i Sogn Dagblad 13. januar 1981 er filmen omtalt som «…eitt produkt av gjennomsnittleg «norsk film-nivå», og det seier i grunnen ikkje så veldig mykje». Dei skriv elles: «Utan positive tendensar er filmen likevel ikkje. Fotograferinga er, så langt vi evnar å døme det, godt av godt merke – sjølv om vi ikkje ser bort frå at vi her kan la oss avleie noko fordi filmen viser ei rekke fine naturopptak frå Høyanger».

Høyanger kommunale kino 1987 – 2017

Etter at Folkets Hus sa opp avtalen med Høyanger kommune om kinodrift, sette hovudutvalet for kultur ned ei eiga nemnd som skulle sjå på framtidig kinodrift. Denne nemnda avslutta arbeidet våren 1986. 10. november 1986 vedtok Høyanger kommunestyre å sette i gang med kommunal kinodrift så snart tilhøva låg til rette for det. Ein føresetnad for kinodrift var tilsetting av kinosekretær i halv stilling, og at eige kinobudsjett for 1987.

SD_14-04-1987

(Sogn Dagblad 14. april 1987)

Palmesøndag 12. april 1987 kl. 20:00 var det framsyning for den første filmen i regi av Høyanger kommunale kino. Filmen som var på plakaten var storfilmen Mitt Afrika med Meryl Streep i hovudrolla. Filmen gjekk over to framsyningar. Sogn Dagblad kunne melde at det var stappfullt med om lag 300 innanfor dørene. Eirin Vangsnes fekk blomster av kultursjef Sverre Erdal som den første som løyste billett. Billettprisen var no 25 kr for vaksne og 15 kr for barn.

I tilrådinga som kinonemnda leverte, vart det mellom anna påpeika at kinomaskinene frå 1971 måtte skiftast ut eller byggast om snarast. Dette fordi det var umogleg å få tak i nye pærer til dei. Desse forholda var og påpeika i årsmeldingane for kinoen i både 1989 og 1990. I 1990 var vedlikehaldsutgiftene svært høge  for kinomaskinene. Like før jul 1991, midt under ein film, vart det havari og maskinene let seg ikkje reparere. Kommunen løyvde straks 457 000 kr til ombygging av kinomaskinene, nytt lydanlegg og lerret. Søndag 23. august  1992 var det opning på ei «ny» kino.

SD_9-11-1992_red

(Sogn Dagblad 9. november 1992)

Fredag 3. desember 2010 vart den nye digitale prosjektøren for filmframsyning teken i bruk på filmen Harry Potter og Dødstalismanenen, del 1. Høyanger kommunale kino var med dette ein av dei første kinoane i Sogn og Fjordane som vart digitaliserte. Med den nye digitale framvisaren kunne ein og vise 3D-filmar. Denne oppgraderinga hadde ei kostnadsramme på rundt 500 000 kr. Noreg er det første landet i verda som har gjennomført ein samla nasjonal digitalisering av kinoane.

Med unntak av 1992, då det var driftsstans store delar av året, har det årlege kinobesøket for Høyanger Kommunale Kino vore relativt stabile på mellom 6 500 og 10 000 besøkande. I 1990 var det 150 filmframsyningar fordelt på 135 filmar med til saman 8 272 besøkande. Samla billettinntekter dette året var på 210 755 kr. Toppåret var 1996 med eit samla kinobesøk på 9 990. I 2014 var det samla 6 535 besøkande, som er det lågaste dei seinare åra.

I 2016 var det 200 filmframsyningar fordelt på 77 filmtitlar med samla 8 590 besøkande på kino i Høyanger. Dei to mest besøkte filmane var Industristaden Høyanger 100 år med 755 besøkande og Kongens nei med 580 besøkande. Dei samla billettinntektene for 2016  var på 52 2420 kr. Billettprisar 2017: Vaksne over 21 år 80 kr. Ungdom (15-21 år) kr. 70 kr. Honnør 70 kr. Barn 60 kr.

Oppsummering

I 100 år, med korte avbrot, har det vore faste kinoframsyningar i Høyanger. I starten var det fleire aktørar som ville byrje med kinoframsyningar. Nøyaktig når den første kom i gang er usikkert, truleg rundt årskiftet 1916/17 ein gong. Etter ein vellukka boikott av den private konkurrenten, kunne fagforeiningane via Folkets Hus Kino starte opp med kinoframsyningar i leigde lokale i mars 1917.  Dei flytte permanent inn i Folkets Hus mot slutten av året. Den første tida var det stumfilm som gjaldt, med høveleg musikk til. Dette var eit viktig kulturinnslag for folket på den nye industristaden, som var i utvikling. I 1927 kom lydfilmen, som var ein revolusjon for filmbransjen. Mot slutten av 1931 kom lydfilmen til Høyanger. Slik skulle det vere i ein moderne industriby.

Krigen 1940 – 1945 hadde mange utfordingar. Ein av dei var restriksjonar og sensur på kulturtilbod. Kinoen var i denne tida kanskje den viktigaste felles møteplassen og kulturtilbodet i Høyanger. Kinoen hadde no sitt høgdepunkt når det gjaldt publikum.

Utover 1950- og 1960-talet med store barne- og ungdomskull i Høyanger, var kinoen ein sentral del av barne- og ungdomskulturen. «Alle» skulle på kino: det var ikkje berre filmen som lokka, livet rundt kinoen som ein sosial møteplass var kanskje vel så viktig. Gamle Folkets Hus var utgått på dato, og i 1971 stod eit flunkande nytt samfunnshus klart med ein topp moderne kinosal. På denne tida hadde kinoen fått ein konkurrent i fjernsynet, der folk kunne sitte heime i si eiga stove og sjå levande bilete med lyd. Men den nyaste filmane fekk ein framleis berre på kino. Kinoen stod seg framleis godt.

På byrjinga av 1980-talet kom videoen. I Høyanger kunne ein no leige film og sjå på den via videospelar på fjernsyn heime i stova. Rett nok var det ikkje dei nyaste filmane, dei måtte ein framleis på kino for å sjå. Likevel gjorde dette sitt til at Folkets Hus Kino fekk kraftig reduserte publikumstal, og dei fann det best å gje seg, noko dei gjorde i april 1986. I april 1987 starta Høyanger kommunale kino opp med kinodrift. Dei har halde det gåande sidan den gong. Sidan 2010 med digital formidling.

Foto_kino

Bilettluka til Høyanger kommunale kino (Høyanger kommune)

I 2017 er framleis kinoen eit viktig kulturtilbod i Høyanger. Konkuransen når det gjeld filmframvising er tøffare enn nokon gong. Der ein i dag kan sjå film på dvd, alle mogeleg fjernsynskanalar og via internett. Men framleis om ein skal sjå dei nyaste filmane, må ein på kino. Der møter ein andre likesinna. Kinoen er ikkje berre ein stad for filmoppleving. Det er og ein viktig sosial møteplass. Film er framleis best på kino.

Litteratur

Breidablikk, Malvin. 1981. Folkets Hus. I Frå Fossekraft til aluminium. Høyanger

Byrkjeland, Martin. 1991. Bluss. Arbeidarar og fagforeiningar ved Høyanger Verk 1916-1986. Gjøvik

Byrkjeland, Martin og Timberlid, Jan Anders. 2015. Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år – 1915-2015. Bind 1. Bergen

Zetterberg, Amy. 2016. Folkets Hus. I Årbok Høyanger 2016. Høyanger historielag.

Kjelder

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:

SFF-91017: Folkets Hus Høyanger: Skriv: Søknad kinodrift 25.10.2016, Leigekontrakt 1917, Instruks for Folkets Hus Kinematograf. Protokollar: Folkets Hus byggeprotokoll og fagleg samorganisasjon 1916-1921 og Folkets Hus møteprotokollar 1917-1969.  Inntektsbok kino 1931-1936,  Inntektsbok kino 1939-1954, Inntektsbok kino 1955-1959 og reklame materiell (kinoreklame/omtale).

K-14161.150: Kyrkjebø formannskapsprotokoll 1915-1918.

Høyanger samfunshus:

Folkets Hus arkivmateriell ca. 1970-1990.

Høyanger kommune:

Kultur, miljø og info. -1997. Saksarkiv 252-252,2. Boks 30.

Sentralarkiv 1998-2005. Saksarkiv. C21-C41. Boks 0210.

Aviser:

Høyanger Avis: 12. desember 1931 og 16. desember 1931.

Sogn Dagblad: 11. november 1971, 14. juli 1979, 13. januar 1981. 8. november 1985, 15. september 1986, 27. mars 1987, 14. april 1987, Julenummer 1990, 24. august 1992 og 9. november 1992.

Ytre Sogn: 30. november 2010.

Kommenter innlegget

Filed under Generell, Historie

Gamle Høyanger – modellar av eldre bygningsmiljø

Arild Høyvik sine modellar av dei gamle arbeidarbustadane på Sæbøtangen og Samvirkekvartalet er utstilt i diskoteksalen på samfunnshuset i Høyanger.

img_3970_nett

Utstillinga med det to modellane. Nærmast Samvirkekvartalet. (Foto: Gaute Ljotebø)

I modellen frå arbeidarkvartalet på Sæbøtangen finn vi Murgården, Slottet, Folkekjøkkenet og Pendenten. I modellen av Samvirkekvartalet finn vi gamle samvirkelaget, Johan Øren sitt forretningsbygg, Kafe Nobel og Sigurd Sæbø sitt forretningsbygg. I bakgarden finn vi bakeriet og det gamle bustadhuset til familien Øren saman med nokre uthus. Gamle Folkets Hus, som låg der Samfunnshuset ligg i dag. Samt  eitt Egne Hjem hus.

img_4008_nett

Gamle Sæbøtangen med Murgården nærmast. (Foto: Gaute Ljotebø)

Rundt modellane er det hengt opp tekst og bilete. Norvald Bøyum si forteljing om Sæbøtangen gir oss mellom anna ei oversikt over kven og kvar folket budde på Sæbøtangen på 1930-talet.

HIM_30_mars_M_6

Arild Høyvik til høgre framfor modellen av Samvikekvartalet. Her i samtale med Edvin Johan Moen. Mannen bak dokumentarfilmen «Industristaden Høyanger 100 år». Der modellane er ein del av det som blr filma. (Foto: Gaute Ljotebø)

Modellane er i skala 1:50 og viser den opphavlege byggestilen i stor detaljrikdom. Til å hjelpe seg for å få det mest mogleg autentisk har Arild Høyvik nytta orginalteikningar, bilete og ein rekke informantar.

Bygningsmiljøa som modellane viser vart rivne på 1970-, 1980 og 1990-talet. Modellane viser difor  ei viktig side av Høyanger si historie. Utstillinga er tilgjengeleg i Høyanger bibliotek sine opningstider. Dei som ønskjer å sjå utstillinga kan ta kontakt i skranken til biblioteket. Ønskjer ein å sjå utstillinga utanom opningstida, eller for grupper, ta kontakt med biblioteket eller Høyanger Industristadmuseum.

img_4051_nett

Mange fine detaljar. Her ser ein inngangen til gamle Fokets Hus Kafe, eit Egne Hjem hus, og i bakgrunnen ser vi Slottet. (Foto: Gaute Ljotebø)

Kommenter innlegget

Filed under Generell, Historie

Det første hotellet i Høyanger

Det første hotellet i Høyanger vart reist på tuftene til den gamle husmannsplassen Hagen under Hjetland. Her regjerte enka «Guri i Hagen». Då industrien kom til Høyanger i 1916 bygde ho saman med svigersonen Anders C. Eide opp eit hotell på staden der husa stod. Hotellet bar etter kvart hans namn, men det var Guri Hagen som reiste mesteparten av kapitalen.

sfff-1994100-131235_b

Eides Hotell etter ombygging/utviding i 1921. (Foto: Eugen Nordahl Olsen senior/Fylkesarkivet)

Guri Hagen (Hjetland) (1857-1942) vart tidleg enke då mannen Johannes Øyra (1855-1887), som var jekteførar, drukna i Bergen. Ho fekk skilt ut eit stykke jord frå Øyra (Øren) og Hjetland, slik at ho skulle kunne klare seg. Dette var den tidlegare husmannsplassen Hagen under Hjetland (Hjetland 60/3 Hagen) som vart slått saman med Øyra 59/2.  Då industrien kom til Høyanger nekta ho å selje den vesle jordflekken sin til NACo, men måtte til slutt gi seg. Ho fekk 90 000 kroner for bruket, samt 3 kilowatt elektrisk kraft. Salet gav grunnlaget for hotellet som kom til i 1916.

sfff-1992050-168338_b

Frå venstre Guri Hagen, Andrea «Drea» Eide (søster til A. C. Eide), Hanna Hagen (seinare gift med A. C. Eide), Anders C. Eide, barna hans: Arthur (på armen) og Gertrude (foran), til høgre Johanne Hagen. Hanna og Johanne var døtre av Guri. Johanne vart gift Mosness i Drammen. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet)

Eine dottera til Guri Sigrid (1884-1918) utvandra til Amerika. Der gifte ho seg med Anders C. Eide (1887-1945) i 1911. Han kom frå Bergen, men var opphavleg frå Bygstad. Sigrid og Anders kom attende til Norge i 1914. Då var Sigrid gravid med Gertrude (1914-2005). I 1917 vart sonen Arthur (1917-1954) fødd. Etter at Sigrid døde i 1918, gifte Anders C. Eide seg oppatt med søstera til Sigrid  Hanna (1881-1973) i 1923. Dette var utgangspunktet for familien som eigde og drifta hotellet som bar namnet Eides Hotell.

I starten var det Guri Hagen og Anders C. Eide som eigde hotellet. Etter at dei døde tok Hanna Eide over. Frå rundt 1960 var det dotter til Sigrid og Anders, Gertrude, som stod som eigar.

Gertrude, eller «Baby» som ho var omtalt til dagleg, gifte seg først med Kjell Rønne i 1944. Dei fekk barna Tore, Åse og Arthur-Kjell «Atten». Gertrude skilde seg og gifte seg opp att med Jostein Søreide i 1964. Det er Jostein som er opphavet til namnet Joss Pub. Tore Rønne gifte seg med Else i 1970. Tore og Else  Rønne drifta hotellet i mange år. Gertrude «Baby» Eide Søreide stod som eigar av hotellet fram til ho døde i 2005.

sfff-1994100-121059_b

Johan Øren sin 50-årsdag vart feira på Eides Hotell med familie og kollegaer i 1930. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet)

Hotellet hadde i 1916 15 senger. Det gamle gardshuset til Guri vart bygd inn som ein del av det nye hotellet. Hotellet vart utvida i 1921, 1936 og 1973, og fekk etterkvart 40 senger.

I 2006 kjøpte Roy Solbakken frå Førde Eides hotell. I 2008 selde han det vidare til Frank Ove Ytredal. Hotellet fekk no namnet Høyanger Hotell.

hh_01

I samband med feiringa av 100 års jubileet laurdag 5. november 2016 heldt kultursjef i Høyanger kommune, Anita Nordheim, ein helsingstale. I den samnheng overekte ho ei gåve til hotellet ved eigar Frank Ove Ytredal.

Det tradisjonsrike hotellet har behalde sin historiske stil utvendig. Innvendig er det og mykje historie i veggane. Ikkje minst vegmåleria til Rudolf Krogh i matsalen. Noko som han etter sigande skal ha malt for kost og losji medan han budde på hotellet i samband med at han arbeidde med veggmåleria på Valhall i 1927.

Hotellet har vore, og er framleis, ein viktig sosial samlingsstad for industristaden. Der folk har møttest i både glede og sorg. Folk og familiar har møttest åremålsfestar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferd. Det er ein viktig lokal utelivstad. Hotellet er framleis ein viktig arena for kulturlivet, der helst livemusikk står på plakaten. Ein periode på 1980- og 1990-talet var «Joss Pub» kanskje den mest kjende rockescena i Sogn og Fjordane. Høyanger Hotell med opphav på husmannsplassen Hagen, er eit levande kulturminne som har levd med industristaden Høyanger frå starten av.

Kjelder:
Førsund, Adolf og Førsund, Sigurd. 1963. Bygdebok for Kyrkjebø – Band II. Gardsoga. Høyanger.

Førsund, Adolf. 1995. Bygdebok for Kyrkjebø – Band I. Ættebok for Kyrkjebø. 3. opplag. Oppdatert tillegg til 1994. Høyanger.

Ytre Sogn: Tysdag 8. november 2016

https://foto.fylkesarkivet.no/
Foto frå Høyanger verk sitt fotoarkiv

Kommenter innlegget

Filed under Generell, Historie

Høyang-Bjørn

I gamle Høyangsfjord var det eit segn som var fortalt, om at det ein gong var ein viking med namn Høyang-Bjørn som skulle vere gravlagd her. Rundt 1870 var det to brør frå Ørengarden med namn Per og Sjur, som ville opne grava. Det blir sagt at dei to grov djupt nok til dei var borti ei steinhelle. Per Øyra, faren til Per og Sjur, jaga dei vekk før dei fekk tid til å utforske meir. Orda til Per Øyra når han jaga vekk dei to var «den dødes grav skal ligge i fred». Dei gamle i bygda trudde at  den som uroa grava, skulle få ei stridsøks mot seg.

Her ein stad ved transformatorkiosken i Parken er det hevda at

Her ein stad ved transformatorkiosken i Parken er det hevda at «grava» til Høyang-Bjørn låg. (Foto: Gaute Ljotebø)

Det er hevda at grava var synleg fram til 1890-talet. Etter det som dei gamle har fortalt låg den om lag der som transformatorkiosken ligg i dag. Andre er blitt fortalt at den låg nede ved fontena.

I skriftlege kjelder frå Island er ein Høyang-Bjørn nemnd, og er der omtalt som ein mektig herse (hovding eller småkonge)  i Sogn. Tre av sønene hans utvandra til Island i den første landnåmstida rundt 870. Høyang-Bjørn  var i følgje kjeldene på Island ein direkte etterkommar etter Bjørn Buna. Bjørn Buna er i den islandske Landnåmsboka omtalt som ein gjæv herse i Noreg, og kom truleg frå Sogn. Historikar P. A. Munck (1810-1863), som i si samtid var den fremste spesialisten på norsk vikingtid- og mellomalderhistorie, har tolka det slik at Høyang-Bjørn har sitt namn etter Høyangsfjorden. På det grunnlag hevdar han at Bjørn Buna og slekta hans heldt til i ytre Sogn i nærleiken av Måren og Kyrkjebø. Dette er det som truleg samla har skapt den lokale myta om Høyang-Bjørn.

Kommenter innlegget

Filed under Historie

Sigurd Kloumann

Sigurd Kloumann (1879-1954) stod i spissen og reiste kapital då NACo vart etablert i 1915, og var administrerande direktør i bedrifta i åra 1915-1946. Han er i fleire samanhengar gjerne omtalt som grunnleggaren av det moderne Høyanger. Kloumann hadde sin arbeidsplass ved hovudkontoret i Oslo, men var regelmessig innom Høyanger.

Sigurd Kloumann. (Foto: Notoodden historielag)

Sigurd Kloumann. (Foto: Notoodden historielag)

Kloumann var utdanna ingeniør og er rekna for ein av dei største industrileiarane i Norge tidleg på 1900-talet. Kloumann var aktiv i oppbygginga av Norsk Hydro i frå rundt 1905. Der han mellom anna var ar leiar for utbygginga av Svelgfoss kraftverk og bygging av ein gjødselfabrikk på Notodden. Kloumann planla og leia utbygginga av kraftanlegga og fabrikkanlegga på Rjukan. I Hydro si historie er Sigurd Kloumann rekna som ein pioner innanfor prosjekt leiing. Men han rauk uklar med den sterke mann i Hydro Sam Eyde, og gjekk ut av Hydro i 1912. Etter det var han delaktig i fleire større industriprosjekt mellom anna i Tyssedal og Sauda.  Men det er etableringa av NACO med aluminiumsfabrikk i Høyanger og vidareforedling i Holmestrand som står att som Sigurd Kloumann sitt viktigaste bidrag i norsk industrireising. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Generell, Historie

Høyanger vgs 80 år 1933-2013

Lærarar og elevar 1948: 1. klasse mekanikarar og elektrikarar og 2. klasse snikkarar saman med lærarane hausten 1948. Lærarane sit framme, sett frå venstre Helmer Korssjøen, Johan Eide og Nils Haaheim.

Lærarar og elevar 1948:
1. klasse mekanikarar og elektrikarar og 2. klasse snikkarar saman med lærarane hausten 1948. Lærarane sit framme, sett frå venstre Helmer Korssjøen, Johan Eide og Nils Haaheim.

Oppstarten

Snikkarline 1948

Snikkarline 1948

På byrjinga av 1930-talet var det stor arbeidsløyse i Sogn og Fjordane, berre i Høyanger gjekk rundt 200 ledige. Mange av desse var ungdom i slutten av tenåra. I 1932 kom dei med krav til kommunen om tiltak for å betre tilhøva for dei unge arbeidsledige. For å bøte på problema sette den gang Kyrkjebø kommune ned ei nemnd som skulle sjå om det gjekk an å få i gang eit permanent yrkesretta skuletilbod. Dei som sat i denne nemnda var skulestyreformann i Kyrkjebø kommune, handelsmannen Nils Vattekar, ingeniør ved NACo (aluminiumsfabrikken) Johan Wleügel, bygningsmann/arkitekt Lars Norevik og mekanikar Anders S. Berge. Wleügel var leiar. I oktober 1933 kom Kyrkjebø 2-årige fagskole i gang i kjellaren til den gang nybygde Høyanger Folkeskule. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Historie

Soga om Høyanger

”Frå kaos til kosmos”

Av Gaute Ljotebø (utdrag frå ”Høyanger i endring – ein industristad si utvikling sett gjennom fotografiet”)

Ein av dei som såg, opplevde og erfarte heile prosessen med omveltinga og utbygginga i Høyanger var skulestyraren Sjur Dale, som vaks opp i bygda på garden Dale.

I Høyanger Samvirkelag si 30 års beretning står det to artiklar som han står bak. ”Høyanger. Høyangsfjorden i gamal og ny tid” og ”Høyangsfjorden vert Høyanger”. Han er kjent for det mykje nytta og siterte metaforen ”frå kaos til kosmos”, der han skildrar den brutale overganen frå bondesamfunn til industrisamfunn.

”Eventyret byrja med kaos. Menneskemylder kvar ein vende seg, frå fjøra til fjell. Skot og skrell, dunder og drøn small mellom berg og brun. Folk kom og folk for. Nye andlet til dagen. Folk her og folk der. Det vart opp ned på alt som dei fekk under hand. Dei skipla snudde, velta og vende kvar dei kom, utan meining og mål, til ei meiningslaus myrja, såg det ut for. Fyll og fanteferd, drykk og dragsmål, skrik og skjenn og slagsmål. Det var ikkje folkevis å fara so her i grenda. Men opp or kaos steig kosmos. Gjennom skodde tok me til å skimte dei første konturar av eventyret.” Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Historie

«Høyanger frå urd og stein..»

Teksten som fylgjer under er skrive av Nils Nilsson Høvik (f. 1890) som var anleggsgartnar i Høyanger frå omlag 1917. Her fortel han om bygginga av Høyanger, med fokus på hagar og parkanlegg, og her er fleire artige anekdotar om både adm.dir Kloumann og direktør Hygen:
 
Høyanger frå urd og stein, fram til småhagane i dag
 
Av Nils Nilsson Høvik, f. 1890. Anleggsgartnar i Høyanger frå ca 1917.
 
Det er vel ikkje for mykje sagt, at Høyanger på mange måtar har vore eit godt føredøme for mange andre, som industristad.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Skriftlege kjelder