Egne Hjem

Egne Hjem-hus under bygging, 6.sept 1925

Egne Hjem-hus under bygging, 6.sept 1925.  (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

På byrjinga av 1900-talet, vaks den såkalla Egne Hjem rørsla fram i Noreg, med formål om å skaffe arbeidarar eigne hus og hagar. I Høyanger var Egne Hjem ein vesentleg del av NACo sin strategi om å bygge eit harmonisk og velregulert industrisamfunn. NACo kjøpte tomter som vart festa bort, var med på bygginga, gav økonomisk støtte og sytte for arkitektteikningar. Det var ei stor investering for arbeidarfamiliane å byggje hus, og dei fleste måtte difor leige ut. Opptil 16 personar kunne gjerne bu i eit hus med grunnflate på ca 49 kvadratmeter. I 1924 stod det første huset ferdig, få år etter var talet oppe i 42.

Egne Hjem finn du i sentrumsområdet i Høyanger, samt nokre på Sæbøtangen.

Same gata, 11.feb 1927

Same gata, 11.feb 1927. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

2.juni 1927

2.juni 1927. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

30.sept 1928

30.sept 1928. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)

August 1939

August 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior Høyanger verk/Fylkesarkivet)