Velkomen til Vasskraftmuseet

Høyanger Industristadmuseum vil stå for drift av Vasskraftmuseet i 2011. Grupper og andre interesserte kan henvende seg til industristadmuseet for å bestille museumsbesøk i sommar og utover hausten. Innafor museet sine opningstider kan ein bestille pr. tlf 57712775. Utanom opningstida kan ein ringe til 57711500 (Sentralbord Høyanger kommune).

Vasskraftmuseet i Høyanger vart etablert i 1986, og er å finne i den gamle Kraftstasjon I inne på verksområdet til Hydro (Leira Næringspark). Den gamle kraftstasjonsbygningen er frå den første tida med industrireising i 1916-1917.

Utstillinga i museet viser vasskrafthistoria og kraftutbyggingane frå 1916 og fram til rundt 1980. Den sentrale delen av utsillinga er eit av dei opphavlege aggregata med turbin og generatorar som var å finne i kraftstasjonen. Elles er her mykje utstyr og verkty frå  tida kraftstasjonen var i drift. I tillegg er her bilete og gjenstandar som viser andre sider avHøyanger si industrihistorie.

Likestraumsgenerator og turbin.

Steinar Østerbø viser korleis vassregulatoren inn på turbinen fungerte.

Smørarane sitt utstyr.

Eugen Nordahl-Olsen senior sine fotoapparat. Han var teknisk teiknar og NACO sin faste fotograf frå 1919 til rundt 1950.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Open dag på Vasskraftmuseet

Vasskraftmuseet i Høyanger vart etablert i 1986. Museet er lokalisert i den gamle Kraftstasjon I bygd i 1917, og ligg inne på verksområdet til Hydro (Leira Næringspark). Pga renovasjonsarbeid på bygget har det ikkje vore ope for omvising ein periode. Laurdag 2. juli vert det endeleg tilgjengeleg igjen for publikum 25 år etter at det vart opna første gongen.

Høyanger Industristadmuseum vil stå for drift av museet i 2011. Grupper og andre interesserte kan henvende seg til industristadmuseet for å bestille museumsbesøk i sommar og utover hausten. (Tlf 57712775/57711500)

Laurdag 2. juli startar vi opp med open dag i mellom 12:00 – 15:30. Besøkande kan møte opp i porten til Hydro (Leira Næringspark), der ein guide vil hente dykk kl: 12:00, 12:30, 13:30, 14:00, 14:30 og 15:00. Det er gratis inngang. Aldersgrense for å sleppe inn på verksområdet for barn er 10 år. I samband med denne hendinga vil det og bli enkel servering.

Denne dagen vil det bli omvising med Steinar Østerbø, som i si tid stod i spissen for etableringa og oppbygginga av Vasskraftmuseet. Han var og den siste maskinmeisteren på Kraftstasjon I når den vart nedlagt i 1979. 

Den sentrale delen av utsillinga er ein av dei opphavlege aggregata med turbin og generatorar. Elles er her mykje anna utstyr og verkty frå  tida kraftstasjonen var i drift. Utstillinga elles viser vasskraftutbyggingane i Høyangerfjella frå 1916 og fram til rundt 1980 vist via kart og bilete.  I tillegg er her ein del andre gjenstandar og bilete og  som viser andre sider av industrihistoria i Høyanger.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

1. mai i Høyanger i over 90 år

1. Mai 1921 barnetoget. (Eigar: Fylkesarkivet)

Høyanger har lange tradisjonar for 1. mai feiring.  Alt første året industrireisinga byrja var det 1. mai markering her. Den gang var det i stor grad arbeidarar ved anlegget som deltok. Etter kvart kom det til familiar og born som og var med å feira 1. mai. Barnetog har tradisjonar langt attende i tid. For 90 år sidan 1 mai 1921 vart det teke fleire bilete av toget. Biletet her er teke rett før dei gjekk forbi Folkets Hus. Fremst i toget går fagforeiningspioneren Ole E. Larsen med sonen Bjarne på armen. Dette og fleire andre bilete frå 1. mai feiring er å finne i fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin fotodatabase. http://fylkesarkiv.no/

Martin Kolberg på talarstolen.

Mykje har endra seg sidan den tid. Men  1. mai feiringa i Høyanger består med morgontog, barnetog og hovudtog med tale. I år (2011) var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Martin Kolberg hovudtalar. Talen var heldt framfor inngangen til Høyanger industristadmuseum i byporten. Slik har museet etter at det opna i 1997 vore ein viktig del av 1. mai feiringa i Høyanger.

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Vinter 2010/11

Omvising etter avtale. Gratis inngang.  

Kontaktinformasjon
Høyanger Inddustristadmuseum
Postboks 159,
6991 Høyanger
tlf.57711500
eller 57712775
epost:postmottak@hoyanger.kommune.no

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Høyanger historielag er stifta

9.september 2009 vart det avhalde skipingsmøte for Høyanger historielag i kommunestyresalen på rådhuset.

Det vart valt fylgjande styre:

Fungerande leiar: Gaute Ljotebø
Nestleiar: Karl Magnus Gudvangen
Sekretær: Jorun Systad
Kasserar: Anne C. F. Eide
Styremedlem: Helge Øyehaug
Styremedlem: Morten Torvund
Styremedlem: Roald Jensen

Varamedlem: Einar Rysjedal
Varamedlem: Anne Margrethe Alværn
Varamedlem: Kristi Brekke

Kommenter innlegget

Filed under Generell

Soga om Høyanger

”Frå kaos til kosmos”

Av Gaute Ljotebø (utdrag frå ”Høyanger i endring – ein industristad si utvikling sett gjennom fotografiet”)

Ein av dei som såg, opplevde og erfarte heile prosessen med omveltinga og utbygginga i Høyanger var skulestyraren Sjur Dale, som vaks opp i bygda på garden Dale.

I Høyanger Samvirkelag si 30 års beretning står det to artiklar som han står bak. ”Høyanger. Høyangsfjorden i gamal og ny tid” og ”Høyangsfjorden vert Høyanger”. Han er kjent for det mykje nytta og siterte metaforen ”frå kaos til kosmos”, der han skildrar den brutale overganen frå bondesamfunn til industrisamfunn.

”Eventyret byrja med kaos. Menneskemylder kvar ein vende seg, frå fjøra til fjell. Skot og skrell, dunder og drøn small mellom berg og brun. Folk kom og folk for. Nye andlet til dagen. Folk her og folk der. Det vart opp ned på alt som dei fekk under hand. Dei skipla snudde, velta og vende kvar dei kom, utan meining og mål, til ei meiningslaus myrja, såg det ut for. Fyll og fanteferd, drykk og dragsmål, skrik og skjenn og slagsmål. Det var ikkje folkevis å fara so her i grenda. Men opp or kaos steig kosmos. Gjennom skodde tok me til å skimte dei første konturar av eventyret.” Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Historie

«Høyanger frå urd og stein..»

Teksten som fylgjer under er skrive av Nils Nilsson Høvik (f. 1890) som var anleggsgartnar i Høyanger frå omlag 1917. Her fortel han om bygginga av Høyanger, med fokus på hagar og parkanlegg, og her er fleire artige anekdotar om både adm.dir Kloumann og direktør Hygen:
 
Høyanger frå urd og stein, fram til småhagane i dag
 
Av Nils Nilsson Høvik, f. 1890. Anleggsgartnar i Høyanger frå ca 1917.
 
Det er vel ikkje for mykje sagt, at Høyanger på mange måtar har vore eit godt føredøme for mange andre, som industristad.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Skriftlege kjelder

Rolig Peken, rolig nå!

Peken og direktør Kloumann

Peken og direktør Kloumann

Gjennom dialogen med Peken (oppdikta karakter) og direktør Kloumann vert ein teken med på ei vandring gjennom museet. Ein vert kjend med utviklinga av industristaden, arbeidarkamp, kameratskap og levekår. Stykket er tilpassa grupper på ca. 15 personar, frå 4.klasse og oppover (målgruppe born/unge).

Vandreteateret er skreve og tilrettelagt av Rolf Losnegård og Ingrid Hansen, og skodespelarane er Karstein Larsen (Peken) og Rune Strandos (direktør Kloumann).
Stykket vert vist etter avtale, andre/opne førestillingar vert annonsert.

Kommenter innlegget

Filed under Teater