Høyanger Industristadmuseum vart offisielt opna for 20 år sidan 21. juni 1997 av Einar Førde. Dette vil vi markere i samband opninga av sommarsesongen 2017 måndag 19. juni.
Petter Sortland vil stå for opninga av sommarsesongen kl. 15.00. Det vil bli vist ein video frå den offisielle opninga i 1997. Det vil bli servert kaffi og kaker. Alle som er innom museet mellom kl: 15:00 og 18:00 vil bli med på ein loddtrekning på inngangsbilletten. Premiane er lokalhistoriske bøker. Feiringa vil bli avslutta med ei byvandring. Alt gratis.
Alle velkomne til eit hyggeleg og historisk samvære.

Plakaten frå den offisiselle opninga. Utarbeid av Aril Gjelsvik. (HIM)