Sommar 2021

Sommaren 2021 er Høyanger Industristadmuseum ope i tida 1. juni til 1. september. Nytt av året er at Høyanger og museet ein del av satsinga: «Kraftturisme. Opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet». Dette er ei satsing som Høyanger er med i saman med Tyssedal og Lysefjord.
På Høyanger Industristadmuseum kan du få eit innblikk i korleis Høyanger på 1900-talet utvikla seg frå ei lita jordbruksbygd til eit moderne industrisamfunn tufta på vasskraft og produksjon av aluminium. På museet kan du sjå gjenstandar, bilete, modellar, tekst og film som viser denne utviklinga. Frå museet kan du ta ei byvanding i det historiske bygningsmiljøet i Høyanger sentrum.
Filed under Generell
Kraftanlegg 1, Høyanger
Historia til Kraftanlegg 1 i Kulturminnesøk:
Kulturminnesøk:
Filed under Generell
Sommar 2020
Nytt av året er at modellar av gamle bygningsmiljø, Murgården og Samvirkevartalet, er no fast del av utstillinga til Høyanger industristadmuseum i andre høgda. Modellane er laga av Arild Høyvik.





Filed under Generell
Ny utstilling
25. juni opnar dørene på museet. Arild Høyvik sine modellar av gamle Sæbøtangen og Samvirkekvartalet har no blitt ein del av museet si faste utstilling. For meir informasjon sjå https://www.gunnarsgalleriet.no/.

Filed under Generell
Sommar 2019
Her er opningstidane for sommaren 2019 for Industristadmuseet og Gunnar S. Galleriet. Det er no samdrift av disse musea, og resepsjonen er i Gunnar S. Galleriet. For meir informasjon, så www.gunnarsgalleriet.no.
Filed under Generell
Sommar 2018
Høyanger industristadmuseum opnar for sommarsesongen måndag 25. juni. Museet er sommarope mandag-fredag fram til fredag 17. august.
Filed under Generell
Museet 20 år
21. juni 1997 vart Høyanger Industistad offisielt opna. Mandag 19. juni 2017 vart dette markert i samband med opninga av sommarsesongen. Ordførar Petter Sortland, dåverande næringsjef i kommunen, informerte om bakgrunnen for etableringa av museet. Dei frammøtte fekk mellom anna sjå ein film frå opninga som Rolf Refsdal tok opp.

Einar Førde og Sverre Erdal poserer på trappa framfor museet i samband med opninga 21. juni 1997. Einar Førde stod for den offisielle opninga. Medan kultursjef i Høyanger kommune Sverre Erdal var ei viktig drivkraft bak etableringa av museet. (Foto: Aril Gjelsvik)

19. juni 2017. Fv: Randi Kvamme, Gaute Ljotebø og Turid Hellem Dale.

Ordførar Petter Sortland og kultursjef Anita Nordheim føl med på filmen frå den offisielle opninga.

Plakat frå den offisiselle opninga. Utarbeid av Aril Gjelsvik. (HIM)
Filed under Generell
Høyanger Industristadmuseum 20 år
Høyanger Industristadmuseum vart offisielt opna for 20 år sidan 21. juni 1997 av Einar Førde. Dette vil vi markere i samband opninga av sommarsesongen 2017 måndag 19. juni.
Petter Sortland vil stå for opninga av sommarsesongen kl. 15.00. Det vil bli vist ein video frå den offisielle opninga i 1997. Det vil bli servert kaffi og kaker. Alle som er innom museet mellom kl: 15:00 og 18:00 vil bli med på ein loddtrekning på inngangsbilletten. Premiane er lokalhistoriske bøker. Feiringa vil bli avslutta med ei byvandring. Alt gratis.
Alle velkomne til eit hyggeleg og historisk samvære.

Plakaten frå den offisiselle opninga. Utarbeid av Aril Gjelsvik. (HIM)
Filed under Generell
Sommarope 2017
Høyanger Industristadmuseum held sommarope i tida 19. juni til 18. august. Opningstida er måndag – fredag 12:00-15:30.
21. juni 1997 vart museet offisielt opna av Einar Førde. Dette vil bli markert i samband med opninga av sommarsesongen måndag 19. juni 2017. Sjå eiga annosering.
Filed under Generell